Konferanse på historisk grunn

Publisert 31. juli 2023 av Havbrukspartner

I helga gjekk den tradisjonsrike Utkant-festivalen av stabelen på Skjerjehamn i Gulen. Saman med statuen av folkekongen Olav V, er det nok denne som har gjort den gamle handelsstaden mest kjend i vår tid. Men takka vere gründer Ola Braanaas, har Skjerjehamn blitt restaurert og rusta opp til hotell, restaurant og konferansesenter som er i drift gjennom heile året.

Kysten av ytre Sogn har hatt stor betydning gjennom den norske, for ikkje å seie den norrøne historia. Ved Gulatinget fann rettsstaten si tidlege form, og stormenn som den segnomsuste islandske høvdingen Egil Skallagrimsson gjorde opp om sine tvistar der. Området var eit nord-atlantisk vegkryss, med Sognefjorden som stikk seg langt inn i landet, leia langs kysten nord og sør, og som eit knutepunkt for øyane ved Nordsjøen og ute i Atlanterhavet.

Forfattar og historikar Hans H. Steinsund skriv at «Solundøyane ligg som sjølve dørhella for ferdsla over Nordsjøen, sentralt og strategisk, med gode hamner og mange gøymeplassar. Derfor vart øyane frå første stund ein viktig lekk i den forsvarskjeda kongemakta utvikla på kysten, til vern av landet».   Heimskringla seier at Harald Hardråde og hans menn hadde sitt samlingspunkt i Solund, før dei tok vegen til England for å gjere invasjon. Det skulle gå dårleg med initiativet, Harald Hardråde fall i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Dette vert ofte rekna som slutten på vikingtida.

Handelsstaden Skjerjehamn

Skjerjehamn låg strategisk gunstig til i høve til handel, industri og overnatting, i den tida det meste av transporten føregjekk på sjøen. Tidleg på 1900-talet var det ei av dei største hamnene på vestlandet. Og sjølv om tidene og ferdselsårane har endra seg, ligg staden sjølvsagt framleis lageleg til for dei som ferdast med båt. Hurtigbåtane frå Bergen, Nordfjord og Sogn har to daglege stogg ved kaia til hotellet i sommarhalvåret.

Med bil frå Bergen når du Skjerjehamn på halvannan time. Med på kjøpet får du ei reise med ferje over Fensfjorden, mellom stogga Leirvåg, like ved Equinor sitt anlegg på Mongstad, og Sløvåg, eit industrisentrum under oppsegling. Bruer gjere at du i dag kan køyre vegfast like til Byrknesøy vest i Gulen, der Firda Seafood har sitt toppmoderne slakteri, filetfabrikk og fryseri, Martin E. Birknes, som hadde nyopning i september 2022.

 

Ola og hans rike

Ein kan gjerne kalle Ola Braanaas for ein høvding, med det riket han har skapt gjennom Firda Seafood Group. Det femnar om matfiskproduksjon av aure, setjefiskproduksjon, slakting og foredling, produksjon av kaviar av aurerogn, samt gjestgjevarstaden på Skjerjehamn. Her har han og sett av rikeleg med plass til kunstformidling og kultur. Etter å ha vore privat feriestad i mange år, gav Braanaas staden attende til allmenn bruk.

Saman med Havbrukspartner og advokatfirmaet Thommessen, vil Firda Seafood Group invitere til konferanse på Skjerjehamn 31. august. Temaet er «Matproduksjon i eit høgkostland». Sterke stemmer frå næringslivet, organisasjonar, forskingsmiljø og offentleg forvaltning vil bringe fram sine perspektiv på det sterkt aukande kostnadsnivået som både bedrifter og konsumentar no opplever.

Konferansen er open for alle. For program, prisar og påmelding, ta kontakt med Øyvind Kråkås i Havbrukspartner.

Les og:

Kan norsk mat bli «norskare»?

Kostnadsspøkelset

Ein kongstanke i Gulatingets skjergard

Martin E. Birknes Eftf. – ein del av Firda Seafood Group

Egil Skallagrimsson går holmgang på Gulatinget

Utvær Skipreie, fylkesarkivet

Slaget ved Stamford Bridge

Skjerjehamn.no