Kostnadsspøkelset

Publisert 21. juni 2023 av Havbrukspartner

Er norsk lakseproduksjon inne i ein spiral, der manglande vekst, auka kostnader og rekordhøge salsprisar vil ende i eit massivt tilbakeslag? Er Norge eit høgkostland som utarmar vår evne til sjølvforsyning, beredskap og sysselsetjing? Eller må me berre vere flinke nok til å marknadsføre oss? Dette er mellom problemstillingane på konferansen «Matproduksjon i eit høgkostland» på Skjerjehamn 31. august.

Totalberedskapskommisjonen har nettopp lagt fram sin rapport, der dei konkluderer med at me må få meir ut av norsk matproduksjon, for å vere meir sjølvforsynte i krisetider. Kommisjonen omtalar og utfordringa med fråflytting frå distrikta, og behovet det utløyser for å nytte pendlarar til viktige arbeidsoppgåver. Desse problemstillingane gripe rett inn i matprodusentar sin kvardag, anten dei produserer på land eller i sjø.

Firda Seafood Group og Havbrukspartner ynskjer å setje lyset på dette i året konferanse, som er oppfylgjaren til «Private bedrifter- Norskekystens livsnerve», som me arrangerte i samband med opninga av nye Martin E. Birknes i september i fjor. Den gongen handla det om verdien av lokalt næringsliv, og samspelet mellom privat og offentleg sektor. Denne gongen skal det handle om matproduksjon og kostnader, slik det gjere kvar dag, både for lakseprodusentar og bønder.

Begge grupper har, til liks med andre næringsdrivande og privatpersonar, opplevd ei massiv kostnadsauke  dei siste åra. Pandemi og krig har skapt transportproblem, høge energiprisar og usikker tilgang på mange råvarer. Det skaper hard konkurranse om å sikre seg i marknaden. Vinnarane i kappløpet betalar ein høg pris, men taparane betalar den høgste prisen, mangel på nødvendige varer.

For dyrt å produsere, for risikabelt å satse

Vi har sett innslag om bønder som destruerer avlinga, fordi dei ikkje har råd til å halde kjølelager gåande. Gjødselprisane gjere reknestykket for neste avling uoverkomeleg. Kraftfôret aukar stadig i pris, laksefôret har ei samla prisauke på over 60 % dei siste tre åra. Finst der ei smertegrense for kva risiko produsentane kan ta, i forhold til at kostnadane skal vidareførast til kunden?

Kven kan passe betre til å opne konferansen enn eigaren av Skjerjehamn, Ola Braanaas? Han har gått vegen frå å drive småbruk på Moskog i Jølster, via Svanøy Stiftelse sitt arbeid med å utvikle nye føter å stå på for primærnæringane, til å byggje opp oppdretts- og foredlingsselskapet Firda Seafood Group. I dag satsar selskapet på reindyrka produksjon av aure, med eiga merkevare og målretta marknadsarbeid.

Men det skjer ikkje utan skjær i sjøen. Raudt lys for oppdrettsnæringa på Vestlandet, eit kraftig byks i skattetrykket, generell kostnadsauke og manglande tilrettelegging for omstilling og utvikling, kastar skuggar over selskapet hans, og mange andre. Men saman med etterkomarane, satsar han likevel fullt og fast på å utvikle vidare det han har bygd opp frå holmane i ytre Gulen.

Seigliva er og dei norske bøndene, som framleis står opp grytidleg for å halde bruka sine i hevd, og produsere mat for norske forbrukarar. Me har gleda å melde at leiaren i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld, kjem til konferansen for å gje oss meir kunnskap om problemstillingar og moglege løysingar for å ta landbruket gjennom kostnadsveksten.

Kostnadsspøkelet heimsøkjer samfunnet vårt på alle nivå. Me snur oss om etter måtar å spare inn på, kuttar i forbruk og søkjer mot billegare produkt. Men kva skjer i det lange løpet? Klarar me å halde oppe produksjonen og sysselsetjinga i norsk matproduksjon? Kva må til? Me vil kome med forsmak på fleire av innslaga i programmet utover sommaren, men du kan allereie no sikre deg ein plass i salen den 31. august.

For påmelding og informasjon, ta kontakt med Øyvind Kråkås