Vår kompetanse på ditt lag

Havbrukspartner vart stifta i 2017 av Arild Hagenes, Johnny Kjæmpenes og Øyvind Kråkås, som eit konsulentselskap spesialisert på havbruksnæringa.

Med vår kunnskap, erfaring og arbeidsvilje i botnen, har Havbrukspartner hjelpt til i ei rekke små og store saker på vegne av sjømatprodusentar, leverandørar, organisasjonar og andre interessentar. Me disponerer i dag sju medarbeidarar.

Vil du og ha oss med på laget? Ta kontakt med Havbrukspartner for å høyre meir om kva me kan tilby!

Telefon: 902 88 064
E-post: post@havbrukspartner.no
Kontoradresse: Thormøhlensgate 53 C, 5006 Bergen
Postadresse: Grimstadvegen 115, 5252 Søreidgrend

øyvind

Øyvind Kråkås

Øyvind Kråkås kjem frå Solund, og er Havbrukspartner sin kommunikasjonsmann. Han har Mastergrad i Medievitskap frå Universitetet i Bergen, der han skreiv masteroppgåve om oppdrettslaks i norske media. Han har jobba i sju år for nettverket Salmon Group, der han sto for kommunikasjon internt og eksternt, samt politisk arbeid på vegne av dei lokaleigde havbrukarane. I tillegg til kommunikasjonsarbeidet er Øyvind administrativ leiar for Havbrukspartner.

Telefon: 902 88 064
E-post: oyvind@havbrukspartner.no

arild

Roger Marøy

Roger Marøy er Havbrukspartner sin rådgjevar for RAS, teknologi og anlegg knytta til fiskeoppdrett på land. Han er og ein erfaren mann frå tradisjonell lakseproduskjon, og kan hjelpe deg med det meste knytt til produksjon og dokumentasjon. Roger er 40 år, er busett i Bergen og oppvaksen på Radøy. Han har jobba som fiskeoppdrettar på Radøy og som driftsleiar i Mainstream Finnmark, som innkjøpar for eksportselskapet Seaborn og regional salgssjef for resirkuleringsanlegg hos det danske selskapet Gråkjær.

Telefon: 952 43 677
E-post: roger@havbrukspartner.no

arild

Arild Hagenes

Arild Hagenes kjem frå Osterøy, og er utdanna høgskulekandidat i akvakultur. Han har jobba i næringa sidan 1982, og i mellomtida har han vore på merdkanten, jobba på setjefiskanlegg, stamfiskanlegg og i fôrindustrien. Arild har kompetanse på fisk, fôr og forhandlingar, men fremst av alt er han ein mann av det mest omgjengelege slaget, som alltid kan sjå det moglege i det tilnærma fastlåste. Dette gjere han til ein stor ressurs for Havbrukspartner og våre kundar.

Telefon: 917 22 467
E-post: arild@havbrukspartner.no

arild

Jacob Gaasdal

Jacob Gaasdal kjem frå Kvinnherad. Han studerer integrert master i fiskehelse (3.året), ved Universitetet i Bergen. Jacob er ein god ressurs i vårt team når det kjem til spørsmål om fiskehelse (førebygging, diagnose og behandling), fiskevelferd, ernæring og miljøforhold som er viktige for fiskehelse. I tillegg får han gjennom studiet ved Universitetet kompetanse innan infeksjonssjukdomar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar, samt innsikt i havbruksnæringa i eit globalt helse- og miljøperspektiv. Med fersk kunnskap, gode tilpassingsevner og stort engasjement, tilfører han gode løysningar og faglege avklaringar som kjem våre kundar til gode.

Telefon: 476 38 747
E-post: jacob@havbrukspartner.no

johnny

Johnny Kjæmpenes

Johnny Kjæmpenes kjem frå Værlandet, og har levd heile sitt liv ved og av sjøen. Han har vore linefiskar, kveiteoppdrettar, lakseoppdrettar og fiskerirettleiar. Frå nettverka Norwell Group og Salmon Group har han ei lang fartstid som forhandlar av betydelege kontraktar, på same tid som han har ytt service i store og små saker for næringa. Johnny er utdanna diplomøkonom frå BI, og har fagbrev i akvakultur. Han er analytisk, metodisk og humoristisk. Med all sin kunnskap og personlege eigenskapar er han Havbrukspartner sin gullreserve.

Telefon: 404 02 004
E-post: johnny@havbrukspartner.no

johnny

Bjørn Mogenstad

Bjørn Mogenstad kjem frå Bergen, og har bakgrunn som kokk og kjøkkensjef, men har brukt det meste av yrkeslivet sitt til gründerskap. Han har dedikert seg til utvikling av kvalitetsprodukt både til restaurant, storkjøken og forbruker-marknaden. Saman med ulike daglegvarekjeder og produsentar har han stått bak mange nye og smakfulle produkt som du kan finne i butikkhyllene. Bjørn har og vore konsulent ved omorganiseringar av produksjonsanlegg både i privat og offentleg sektor. Han er ein senior på dette feltet.

Telefon: 930 49 659
E-post: bjorn@havbrukspartner.no

johnny

Jan Fossberg

Jan Fossberg er oppvaksen i Ølen i Sunnhordland, men bur i dag i Bergen. Han har mastergrad i landbruksøkonomi frå Universitet for Miljø og Biovitenskap, samt både militær og sivil leiarutdanning.

Jan har vore konserndirektør i Ocea og Villa Organic, han har vore Sjømatrådet sin utsending til Kina og Korea, samt hatt fleire leiande stillingar innafor Coop/Samvirke, og hos Rieber Skinn i Bergen. Dei seinare åra har han jobba som sjølvstendig konsulent både for havbruksnæringa og annan industri, og hatt styreverv i ulike selskap i fleire bransjar.

Jan tilfører Havbrukspartner stor kunnskap og erfaring om leiing, oppbygging og strukturering av bedrifter. Han er tilgjengeleg for våre kundar som ein medspelar i oppstart av bedrifter, prosjekt i eksisterande verksemd, oppkjøp, kapitalutvidingar, strategisk marknadsarbeid, styrearbeid og andre spørsmål der ein kan dra verdifulle vekslar på hans rike erfaring.

Telefon: 480 29 552
E-post: jan@havbrukspartner.no