Ein kongstanke i Gulatingets skjergard

Publisert 7. september 2022 av Havbrukspartner
Då Ola Braanaas kom til Gulen, låg den lokale oppdrettsnæringa på sotteseng. Biologi og økonomi hadde havarert, og området var underkjent for lakseproduksjon. Ingen kunne vite at tilflyttaren kom med ein kongstanke.

– I dag snakkar mange om at vi har fått desse konsesjonane, at vi fekk tildelt rettigheiter som let oss ause inn pengar. Men då eg kom til Gulen og byrja å bygge opp Firda Seafood Group, hadde bankane problem med å sette kriseråka oppdrettskonsesjonar i arbeid att. Det var ikkje mange som ville ta sjansen på å setje fisk i sjøen, seier Ola Braanaas.

Den gongen han først vende interessa mot Gulen, var Firda ein settefiskprodusent med trong for avsetnad på smolten sin. I dag er Firda Seafood Group eit konsern med integrasjon langs heile verdikjeda, frå settefisk til filetproduksjon og fryseri.

103 år gamle Martin E.

– Tanken har heile tida vore å bygge opp noko lokalt, med mest mogleg av verdiskapinga her. Motoren i det heile er matfiskproduksjonen i sjø.  Det er den som forsyner slakteri og foredlingsanlegg med råstoff gjennom flest mogleg dagar i året.

Grunnsteinen for det moderne fabrikkanlegget på Byrknes, som i siste byggetrinn har fått topp moderne filetlinje, innfrysingskapasitet og fryselager, er den 103 år gamle verksemda Martin E. Birknes. Firda Seafood kjøpte seg inn i denne i 1998, og har sidan bygd ut og modernisert anlegget i tre etappar.

– Vi har vore trufaste mot det målet ein er tverrpolitisk samde om; meir av arbeidet og verdiskapinga rundt fisken skal skje i Norge, og bygge opp om lokalsamfunn langs kysten vår. Vi har gjort det, stikk i strid med råda frå økonomar og verkemiddelapparat. Innovasjon Norge tilrådde oss for ein del år sidan at vi burde legge ned på Byrknes og heller frakte all fisken til Florø. Det var i tråd med deira strategi. Men vår strategi var å utvikle oss lokalt. For å få det til, visste vi at vi måtte vere knallharde på effektivitet og kostnadskontroll. Foredlingsindustri handlar om volum og små marginar.

Ola har vore van med å klare seg sjølv, og vere tru mot sitt eige prosjekt gjennom opp- og nedturar. Likevel meiner han at politikarane ikkje alltid er tru mot sine uttalte mål om at næringa skal ha spreidd eigarskap og foredling i Norge.

– Vi står no overfor å få redusert produksjonskapasiteten vår for andre gong, som fylgje av trafikklyssystemet. Dette er svært alvorleg, og gripe rett inn i driftsgrunnlaget til det nye foredlingsanlegget. I tillegg opplever dei privateigde aktørane no å få skjerpa skattetrykket sitt betydeleg. Vi blir hengande bak i konkurranse med andre aktørar, dels i andre landsdelar, men først og fremst mot utanlandske interesser.

Flyttinga frå Gulen

Ola vedgår at valet han tok om å flytte til Bø i Vesterålen, ein kommune som har valt å redusere den kommunale formueskatten, har vore vanskeleg.

-Det var ikkje det eg ville, men det føyer seg inn i rekka av å gjere det som er best for selskapet, for innovasjonsevne og vekst. Det er best for våre tilsette, og til sjuande og sist er det best for Gulen kommune. At nokon reagerer negativt på det er kanskje ikkje så rart. Det er slik med skatt, at dei fleste meiner at andre bør betale meir, og dei sjølv mindre. Eg blir nok sett på som ein Onkel Skrue som har heile pengebingen å ta av. Men om der skal vere positive resultat i konsernet inn i framtida, også etter mi tid, so må me vere konkurransedyktige. Der er nok av andre som vil ha hand om den verdiskapinga som vi har vore ein del av. So har eg vore gjennom mange nok nedturar etter snart 40 år i denne næringa, til å vite at du må ha reservar for ein lang, kald vinter, eller for å ta del i vekst og utvikling. Det er no slik det alltid har vore; «cash is king». Mestedelen av Firda sine verdiar er knytte til fisk, og levande fisk er alltid knytt til risiko.

Av problema og krisene Ola snakkar om, kan ein nemne periodar med massive sjukdomsangrep, overproduksjon, marknadsuro og konkursen i Fiskeoppdretternes Salgslag (FOS), bankane si flukt frå næringa og restriksjonar frå EU.

På trass av, ikkje på grunn av

– Der kjem alltid ei ny krise, det er det einaste sikre. No har vi ein heilt ufatteleg krig som rasar i, Europa, vi har energikrise og ukontrollert prisvekst på ei rekke innsatsfaktorar. Då Firda begynte vår vekst i næringa, ville alle ut og redde stumpane. Vi kjøpte høns i ausande regvær. Ikkje fordi vi trudde det aldri skulle regne igjen, men fordi vi baserte oss på at nøkterne val og hardt arbeid skulle halde oss flytande. Og framleis meiner vi at vi kan stålsetje oss for dei fleste svingingar og uår. Men vi kjem til kort når staten med viten og vilje bestemmer seg for å bygge oss ned.

Likevel, Ola er optimist, når dagen no kjem at den nye fabrikken skal opnast med stort kalas, og konferanse på gjestgjevarstaden Skjerjehamn, som han sjølv har restaurert.

– Vi gjere dette fordi vi trur på krafta hos dei tilsette og lokalsamfunnet. På trass av, ikkje på grunn av, reguleringane rundt oss. Det er også slik at vi produserer et unikt og fantastisk produkt, som er sunt og godt, og som skårar svært høgt på dei fleste berekraftsparameter. Kanskje spesielt i desse tider der knappheit på energi gjere det ekstra viktig å bruke energien smart, så er oppdrett i opne merdar i sjø ein soleklar vinnar. Og så  er vi vane med å klare oss sjølve. Det er kystfolket sin natur, og har alltid vore redninga.

Fredag 9. september skal det nye fabrikkanlegget ved Martin E. Birknes Eftf. feirast, først med open dag og offisiell opning ved fabrikken på Byrknesøy, deretter med konferanse og festmiddag på gjestgjevarstaden Skjerjehamn. Den gamle handelsstaden er og ein del av Firda Seafood Group, kjøpt i 2005 og henta fram att frå forfall til fordums prakt. I dag tener Skjerjehamn som hotell, restaurant, konferansestad og kunstgalleri. Og sist, men ikkje minst, vertskap for den landskjende UTKANT festivalen.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Firda Seafood/Skjerjehamn