Kan norsk mat bli «norskare»?

Publisert 6. juli 2023 av Havbrukspartner

Norsk matproduksjon frå fjørfe, gris og laks blir ofte kritisert for å vere avhengig av importerte fôrråvarer. Senteret Foods of Norway ved NMBU på Ås, skal bidra  til  å finne ein veg til å bruke meir norskproduserte råvarer. Senterleiar Margareth Øverland kjem til konferansen «Matproduksjon i eit høgkostland» 31. august.

Bruken av kraftfôr til landdyr og fisk har gjeve ein svært effektiv matproduksjon, med tanke på både produksjonstid og kostnader. Kraftfôret er optimalisert for dei ulike dyreslaga og balanserer feitt og protein på ein perfeksjonert måte. Samstundes har fôret ein teknisk kvalitet som er spesialtilpassa for bruken. Dette er spesielt viktig når fôret skal tole mekanisk handtering, søkke på rett måte i vatn, samstundes som det skal sikre høgt fôropptak og vere godt fordøyeleg.

Men for å kunne produsere dei etterspurde mengdene med fôr til ein rett kvalitet og pris, er ein i dag avhengige av store mengder importerte råvarer. Dette medfører økt klimafotavtrykk , og det gjere oss sårbare i høve til handelshindringar og andre problem som kan oppstå kring import og verdshandel.  Sjølvsagt ville det og vere svært positivt om ein kunne oppnå ei større verdiskaping i Norge, gjennom større bruk av råvare frå vårt eige land. Og om desse råvarene kan produserast til ein konkurransedyktig pris, med lågare utslepp og utan å gå ut over andre typar matproduksjon, vil det sjølvsagt vere fantastisk. Men kan ein finne råvarer og produksjonsformer som vil gje oss eit like godt produkt til ein god nok pris?

Foods of Norway har funne interessante svar på desse spørsmåla. Og om du kjem til konferansen på Skjerjehamn den siste dagen i august, kan du høyre mykje meir om det.

Ta kontakt med Øyvind Kråkås for påmelding, eller meir informasjon