Martin E. Birknes Eftf. – ein del av Firda Seafood Group

Publisert 8. september 2022 av Havbrukspartner

Foredlingsanlegget Martin E. Birknes vart grunnlagt I 1919, av ein lokal gründer med same namn. Namnet har fått fylgje bedrifta gjennom ulike eigarar og inn i nye tider. Med den nyaste utbygginga er anlegget ei topp moderne foredlingsbedrift for laks og aure. 90 tilsette har sitt daglege virke på 7000 kvadratmeter areal.

Firda Seafood AS kjøpte den tradisjonsrike verksemda i 1998, og har sidan bygd ut og modernisert anlegget i tre etappar, i år 2000, 2013 og no i 2022. I dag er Martin E., som den kallast i daglegtalen, eit industriområde som husar slakteri, filetlinje, pakkeri, logistikkanlegg, innfrysningsanlegg, fryselager og hovudkontor for konsernet.

Firda Seafood er grunnlagt, eigd og drive av Ola Braanaas. 23 år gamal, i april 1986, starta han si første oppdrettsbedrift, med settefiskanlegg i Norddalsfjorden i noverande Kinn kommune. I 1994 vart Firda ein matfiskprodusent, gjennom oppkjøpet av Sogn Havbruk AS, Berges Laks AS, Sogn Fiskefarm AS og Eivindvik Fiskeoppdrett.

Med oppkjøpa vart Firda etablert i Gulen kommune. Ola flytta til Gulen i 2002, og busette seg på den gamle husmannsplassen Svinøyna. Han vart fort ein patriot og forkjempar for samfunnsutvikling i kommunen, og med utviklinga av havbruk og industri på Byrknesøy, har han vor ein pådrivar for brusamband og betre vegar både til øyane i vest, og andre stader i kommunen.

I 2005 kjøpte Firda den gamle handelsstaden Skjerjehamn. På byrjinga av 1900-talet var dette ei av dei travlaste hamnene på vestlandet, men dei seinare åra hadde eigedomen vore brukt som privat ferieplass. Firda har investert fleire titals millionar kroner i å restaurere og utvikle plassen til hotell, restaurant, kunstgalleri og visningssenter for havbruk.

Då Ola i 2007 fekk overtydd kunstnar Knut Steen om at hans tolking av folkekongen Olav V, utført i granitt, høyrde heime på Skjerjehamn, vart den moderniserte gjestgjevarstaden sett på kartet både innanlands og utanlands. Med ei oppgradert gjestehamn og hurtigbåtforbindelse til Bergen, Nordfjord og Sogn, er Skjerjehamn i dag eit populært turistmål, eit konferansesenter og arrangør av små og store selskap og arrangement. I tillegg er det heimebana til den populære og renommerte Utkant-festivalen.

Sidan juni 2020 har Firda satsa utelukkande på produksjon av Fjord aure. Kvar dag produserer verksemda 262 000 porsjonar aure. Der er over 180 tilsette i konsernet, som omfattar produksjon av settefisk og matfisk, slakting og foredling, ei stadig større flåte av båtar, gjestgjevarstaden på Skjerjehamn og administrative oppgåver. Dette resulterer i ein omsetnad på over ein og ein halv milliard norske kroner kvart år. Firda har verksemd i kommunane Gulen, Hyllestad, Askvoll, Kinn, Vik og Bergen.

Les og: Ein kongstanke i Gulatingets skjergard

Tekst: Øyvind Kråkås