-Me skal vere ein forlenga arm

Publisert 5. juni 2020 av Havbrukspartner

Kvardagen som fiskeoppdrettar er travel, med varierte oppgåver og utfordringar som oppstår undervegs. Havbrukspartner tek oppgåver som leiarane i selskapa ynskjer å få hjelp med av nokon som kjenner næringa godt.

-Me skal vere ein forlenga arm for dei som produserer fisk og skaper verdiar. Dei står ofte i valet mellom å tilsetje meir folk eller å setje vekk oppgåver til eksterne. I mange tilfelle er det siste det mest fornuftige, dersom ein kan lite på at jobben vert gjort profesjonelt og samvittigheitsfullt. Det er der me kjem inn i biletet, seier Øyvind Kråkås, dagleg leiar i Havbrukspartner.

Verksemda har sidan 2017 gjeve råd og praktisk hjelp til verksemder som treng litt ekstra arbeidskraft, eller ynskjer eit blikk utanfrå på dei utfordringane dei står i.

-Me har ei stor spennvidde i våre oppdrag, frå å hjelpe til med ein enkel transaksjon til å bistå administrativt i ein lengre fase. I mengde er det søknader og arbeid med forvaltningsspørsmål som me har mest av. Dette er ting som tek mykje tid for verksemdene. Men når ein sit mykje med slikt, oppøver ein kunnskap og erfaring, og kan løyse det raskare.

Breidde i kompetanse

-Me har satsa på å ha brei kompetanse blant våre tilsette, og so utfylle kvarandre som eit lag. Det vil seie at me kan tilby langt meir gjennom eit samarbeid enn det ei verksemd normalt vil kunne oppnå med å tilsetje ein ny person i administrasjonen.

Havbrukspartner har eit sett av storkundar, dei ein kallar partnarar, men og mange mindre oppdrag.

-For oss er alt interessant, me gjere oss ofte nyttige erfaringar og får nye kontaktar gjennom mindre oppdrag. Men det er klart det er spanande å jobbe saman med verksemder over tid, og få vere med å byggje noko. Til dømes er me no involverte med ein del aktørar som skal byggje RAS-anlegg, og fungerer som rådgjevar undervegs gjennom heile prosessen. Det skal bli kjekt å sjå desse anlegga i full drift!

Effektivt samarbeid er nøkkelen

Nokre oppgåver vert sette vekk fordi ein treng annan kompetanse enn den bedriftene har innomhus, men like ofte er det sprengt arbeidskapasitet som gjere til at ein hyrer inn hjelp.

-Når folk set vekk ei oppgåve til eksterne, treng dei å vite at den blir teken hand om på ein god og effektiv måte. Me må ikkje ende opp med å bli endå ein instans som står og står og trykkjer på og ventar på avklaringar. Her har me har gjort oss erfaringar om korleis eit samarbeid må innrettast for å gå mest mogleg saumlaust og effektivt.

Sjølv om mestedelen av arbeidet Havbrukspartner gjere er på vegne av lakseprodusentar, finst der og andre typar verksemder mellom kundane.

-Me har kundar i heile næringa; utstyrsleverandørar, innovasjonsverksemder og dyrkarar av andre artar, som skjel og tare. Det er spennande å kunne jobbe for mange ulike typar verksemder, og med menneske med ulike typar bakgrunn og ambisjonar. Ein får ikkje stivne til i ei fast form, men må alltid lære og forstå nye ting. Det er jo veldig bra for intellektet, men og for motivasjonen. Ein blir riven med av alt det interessante folk held på med.

 

Les og:

Tilpassa fôr blir stadig meir vanleg

Det føregår veldig mykje rundt RAS no

17. mai 2020, tale for dagen

 

Tekst og foto: Havbrukspartner