17. mai 2020, tale for dagen

Publisert 16. mai 2020 av Havbrukspartner

Det vart 17. mai i år og. Ein annleis nasjonaldag, i eit annleis Noreg. Mindre folkeliv, mindre av den moroa me er vane med, for born og vaksne. Men i hjarta våre er dagen kanskje viktigare enn på lenge.

Ein kjem ikkje utanom Nordahl Grieg. Bergensar, forfattar og krigsreporter. Eit liv fullt av utfordringar, med andre ord. I sitt dikt «17. mai 1940» skriv han dei velkjende orda som uttrykkjer so mykje;

I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er

Krigen aktiverte nasjonalkjensla i nordmenn. Når alt står på spel, ser ein kva det er verdt, det ein har. Me har eit land som er blant verdas mest velsituerte. Eit velfungerande demokrati, med god rettstryggleik, eit godt helsevesen for alle, høg sysselsetjing, gode velferdsordningar. Og tradisjonelt små ulikskapar mellom folk. Men ingenting av dette er hogd i stein. Me må jobbe for at desse verdiane skal vise att i samfunnet.

Deltaking og engasjement er stikkorda. Me kan ikkje overlate til nokon andre å halde nasjonen i hevd. Me må delta i lokaldemokratiet, delta i lag og organisasjonar og prioritere fellesskapen framfor oss sjølv i mange spørsmål. Viss ikkje blir me ein nasjon av passive konsumentar, med store forventningar til andre og til storsamfunnet, og mindre krav til oss sjølve.

Mykje av vårt fortrinn som nasjon ligg i likestillinga. Likestilling mellom menneske på alle måtar. Det har gjeve oss høg sysselsetjing og eit høgt utdanningsnivå for både menn og kvinner. Det har gjort at klasse eller etnisitet sjeldan får vere hinder for at flinke folk kjem seg opp og fram. Til fleire hinder samfunnet legg opp til, desto vanskelegare blir det for den enkelte å få ut sitt beste. Alle har ikkje dei same moglegheiter. Men alle bør ha den same retten til å prøve ut sine moglegheiter.

I år er det 75 år sidan slutten på 2. verdskrigen. Det er eit merke det er verdt å stogge ved. Det er 80 år sidan Noreg fall for den tyske okkupasjonsmakta. Det offisielle Noreg vart sett ut av spel, og erstatta av ein okkupant sine interesser. Dermed vart det opp til nordmennene som folk å påverke sin eigen lagnad. Nokre reiste ut og verva seg til krigsinnsats, eller segla på verdshava for å frakte folk, våpen og varer. Andre kjempa motstandskampen her heime. Ei farefull rørsle av motstand og opprør vart skapt, med utslag i alt frå væpna aksjonar til stille protest.

Når sikringane brest, må alle hente motet i seg sjølve. Det gjorde folk i Noreg. Dei sto i det og kjempa, med livet som innsats, for at fridomen skulle kome og landet skulle reise seg att. Og dei heldige, som ikkje måtte bøte med livet eller helsa, kunne gle seg over at landet reiste seg frå undertrykkinga og vart ein rikare og meir framgangsrik nasjon enn ein hadde vore før.

Situasjonen i dag er annleis. Det er ikkje ei splitta verd som kjempar mot problema viruset har påført oss, sjølv om destruktive krefter alltid prøver å setje land og folkeslag opp mot einannan. Nordmenn treng heller ikkje å velje side, og vere redde for angjevarar, sjølv om strenge restriksjonar og smittefrykt får det til å knirke i våre sosiale omgangsformer. I motsetnad til i krigsåra står styresmaktene nær oss, og i fremste rekke for den kampen me kjempar. Men kor sterke og samla me er, er også no opp til oss sjølve.

Noko av det som har vore avgjerande for at tiltaka mot koronaviruset har verka, er at dei aller fleste har vore einige om problemet og lojale til felles innsats. Dette er ei linje me må ta med oss inn på andre område der ein treng å endre vanar og tenkje nytt for å kome betre ut. Dei store verdsproblema kunne vore handtert betre om me erkjente dei som akutte, noko dei er for svært mange menneske som er mindre privilegerte. Men og i små ting ville større handlekraft og gjennomslag gjere situasjonen mykje betre. Der det finst vilje, finst der løysingar.

I krisetider er det lett å lukke seg, konsentrere seg om det næraste og det primære. Men hugs at me både som enkeltmenneske og nasjon er avhengige av andre rundt oss, i eit vidtrekkande perspektiv. Me er avhengige av å importere og eksportere, samarbeide og utveksle. Varer, kunnskap og arbeidskraft. Når me no har lært at norske bær ikkje kan plukkast utan å hente inn utanlandsk arbeidskraft, er det ikkje lett å vite korleis ein skal leve som ein god proteksjonist. Tenk og på at noko av det norskaste me veit, vikingane, i høgste grad var internasjonale av seg.

Dugnadsomgrepet er so norsk som noko. Det var kløktig og effektfullt av regjeringa å bruke dette for å mane til felles front mot viruset. Når eit ord blir aktualisert slik, blir tolkingane alltid mange og varierte. Det blir no brukt om alt frå å respektere smittehygiene til å handle spesielle varer og tenester, eller å donere pengar. Det overordna er at det handlar om samspel, respekt og fellesskap. Noko av det alle beste i dugnaden, meiner eg er når ein hjelper andre med ei teneste. Å handle på butikken for kvarandre, eller andre ting som kan gjere kvardagen litt lettare å kome gjennom. Her har me og eit etterslep, me er ikkje lenger like gode på å låne ei hand til kvarandre som det nordmenn var for nokre tiår attende.

Det ser ut til at årets nasjonaldag blir av det kalde og våte slaget. Nett slik hugsar eg mange av barndomens 17. mai feiringar. I kuling og regn, i tog for skulekorpset. (Skulekorpset i Solund har blitt eit korps å rekne med, men det var etter at eg slutta der). I motvind med flagrande noteark handla det berre om å kome seg gjennom. Men det var ein del av feiringa, ei brikke i puslespelet som til saman utgjorde ein av årets mest høgtidelege dagar.

Best hugsar eg likevel skodespela i grendahuset om kvelden, amatørteateret sin viktigaste dag. Desse kveldane på harde pinnestolar, i varmen av eit par hundre tett samanpakka menneske, vart der sådd ei spire i meg, ein draum om å vere med på å skape noko som andre kunne gle seg over. Då eg seinare fekk vere med og stå på scena, var det noko av det aller kjekkaste eg har delteke i. Det å underhalde, og ikkje minst det å vere ein del av eit lag. Det får meg til å tenkje at teateret kan vere like viktig som idretten når det kjem til å forme og engasjere born og unge.

Og nettopp det er mitt ynskje for 17. mai, for alle som har sine kjensler for denne dagen. At dei får oppleve noko som kjennest inkluderande og meiningsfylt. At dei kjenner at dette landet, det er mitt og. Det er plass til meg og mine tankar og evner her. Nasjonen og grunnlova er fundamentet vårt. På det fundamentet må me byggje eit samfunn av openheit, samhald og solidaritet. Krig og kriser har synt oss, at står me samla kan me lukkast.

Hjarteleg til lukke med nasjonaldagen!

Tekst: Øyvind Kråkås