Kundane ynskjer høgmarint fôr

Publisert 9. mai 2022 av Havbrukspartner

Havbrukspartner har gjennomført ei marknadsundersøking som syner at i val av vekstfôr, er høgt marint innhald viktig for kundane.

-Me spurte kva marknaden meiner om ei rekke tenkelege spor å fylgje i utviklinga av vekstfôr. Tilbakemeldingane hadde ei klar overvekt i retning av høgare marint innhald enn det som har vore vanleg dei siste åra, seier Øyvind Kråkås, dagleg leiar i Havbrukspartner.

Marint råstoff vert framheva som ein fordel for fiskehelse, tilvekst og kvalitet på fisken. Til liks med volumveksten i næringa, har ein gått ned på det marine innhaldet i fôret for å få råvarene til å strekke til, og halde prisane på fôret nede.

I seinare tid har utviklinga i råvareprisane vore slikt at marint råstoff er svært konkurransedyktig med meir vegetabilske variantar, også i nominell fôrpris, utan å rekne på meirverdiane av å bruke eit høgmarint fôr.

-Med dei svara som kom inn, ser me at det har vore rett å satse på den høgmarine varianten Noble. Allereie med Performance-resepten låg me godt over gjennomsnittet på marint innhald, men no er Noble blitt svært kostnadseffektivt. Ein no-brainer, som det heiter.

 

Les og: Gode tider for det beste fôret