Gode tider for det beste fôret

Publisert 17. januar 2022 av Havbrukspartner

Medan vegetabilske råvarer er inne i ein kraftig prisoppgang, har dei marine blitt meir konkurransedyktige i pris. Dette fører til at det er god økonomi i å spandere det beste fôret på fisken.

-Me har heile vegen stått fast ved at laksen har det best med eit fôr som baserer seg på mykje marint råstoff. Han har ein helsegevinst, veks betre og kvaliteten på fileten blir betre, seier Johnny Kjæmpenes, som arbeidet med fôrreseptar hos Havbrukspartner.

Havbrukspartner tilbyr i dag to eigne merkevarer på fôr; Performance og Noble. Fôret blir produsert og omsett gjennom avtale med BioMar.

Performance har lenge vore det mest kommersielle av dei to fôra, med eit noko høgare innhald av marint råstoff enn det som er vanleg i standardprodukta. Noble har vore meir ein «draumeresept», med so høgt marint innhald som me eigentleg kunne ynskje å gje fisken. Lenge har dette vore eit svært dyrt fôr, men med dagens prisbilete er det i høgste grad konkurransedyktig.

Er du interessert i ein nærare prat om fiskefôr? Ta kontakt med oss i Havbrukspartner.

Les og Høge råvareprisar kan bane veg for nye alternativ