Fôret er forskjellen

Fôret er sjølvsagt livsviktig for fisken, og kan utgjere skiljet mellom suksess og fiasko, biologisk og økonomisk. Havbrukspartner har kompetanse og lang erfaring med å finne fram til det fôret som svarar til kunden sine krav.

Vil du lage din eigen resept som tek omsyn til fiskehelse, klimapåverknad eller bruk av nye råvarer? Me kan hjelpe deg med å utforme ditt fôr.
Havbrukspartner tilbyr og våre eigne reseptar:

Performance er eit fôr som scorar godt på tilvekst, fiskehelse og marine ingrediensar. Föret er med på å gjere fisken robust gjennom alle årstider under heile vekstsyklusen.
Noble er eit konservativt fôr med ekstra høgt marint innhald. Marine ingrediensar er viktig for fiskehelsa, farge på fileten og fisken si matlyst.

På vegne av ei gruppe produsentar inngår Havbrukspartner årsavtalar på fôr. Dette sikrar tilgang på kvalitetsfôr til konkurransedyktige prisar. Gjennom rutinemessig prøvetaking og oppfylging sikrar me at du får det du betalar for.

Vil du vite meir om kva me tilbyr? Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

Kontaktpersonar:

Arild Hagenes
Tlf: 917 22 467
E-post: arild@havbrukspartner.no

Johnny Kjæmpenes
Tlf: 404 02 004
E-post: johnny@havbrukspartner.no