Veit du nok om fisken i sjøen?

Publisert 23. februar 2018 av Havbrukspartner

For å kunne gje fisken din rett fôr og rett behandling, treng du å vite om endringar i fisken sin helsetilstand. Saman med Quantidoc gir Havbrukspartner deg eit verkty for å oppdage velferdsproblem tidsnok. 

Quantidoc sitt analysesystem gir deg raske svar og innsikt i fisken sin immunstatus, gjennom enkel prøvetaking av fisken sine slimhinner. Metoden er patentert og prisbelønna. Professor Karin Pittman ved Universitetet i Bergen er ansvarleg for den banebrytande forskinga som ligg bak.

-Det er ei typisk utfordring at problema har kome for langt før dei blir oppdaga, og dermed er handlingsrommet for å løyse dei svært avgrensa. Med å ta i bruk denne enkle og rimelege metoden, blir oppdrettarane i stand til å ta grep tidleg, og jamvel førebygge mange driftsutfordringar på ein god måte, seier Arild Hagenes i Havbrukspartner.

Ynskjer du å ta i bruk dette verktyet? Ta kontakt med Arild Hagenes