Tidlegare kollegaer samlast om nytt selskap

Publisert 22. juni 2017 av Havbrukspartner

Det nystarta selskapet Havbrukspartner skal vere ein støttespelar for aktørar i næringa som ynskjer å stø seg på eit fellesskap.

– Selskapet er nytt, men målsetnaden er den same vi har jobba for i mange år; å halde fana høgt for mangfaldet i bransjen, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås.

Johnny Kjæmpenes, Arild Hagenes og Øyvind Kråkås har vore kollegaer i mange år, før dei bestemte seg for å starte eit selskap for eigen risiko.

– Vi har gjort mange erfaringar rundt kva hjelp der er trong for ute i bedriftene, seier Johnny Kjæmpenes. Sjølv har han dei seinare åra jobba mykje med dei nye krava som kjem til arbeidsbåtar og mannskap. -Der blir stadig fleire formelle krav til dei som skal drive i denne bransjen, vi vil vere til hjelp for å halde fylgje, seier han.

Også Arild Hagenes har fylgt næringa frå tidene med prøving og feiling og fram til dagens komplekse regelverk. Han meiner ein ikkje kan ta heile børa av skuldrane til bedriftene, men at ein kan spele kvarandre gode gjennom å få på plass system og arbeidsmåtar.

– Havbrukspartner blir ein støttespelar. Vi stiller opp der det er trong for ei ekstra hand, anten det er retta inn mot drifta eller meir samfunnsrelaterte oppgåver, seier han.

Verksemda starta drifta 2. mai, og reknar med å vere i god gang ganske fort.

– Dette er ting vi har jobba med i mange år no, sjølv om namnet er nytt, er hovuda innkøyrde. Vi er klare for å vere til nytte for næringa, seier Øyvind Kråkås.