På tide å vakne og sjå trafikklyset

Publisert 8. mai 2018 av Havbrukspartner

Dei lokaleigde oppdrettselskapa blir kvalte so sakte at ein trur det er slipset som stramast, medan det eigentleg er renneløkka.

Det er i gode tider ein legg grunnlaget for ein skikkeleg konkurs, heiter det seg. For oppdrettsnæringa har det vore mange gode år no, og ingen ser mørke skyer i horisonten. Den viktige russiske markanden fall vekk, men eksporten fossa vidare. Som ei stri elv har den norske laksen funne nye løp å ta seg fram gjennom.

Konkurrentane har heller ikkje verka spesielt trugande dei seinare åra. Den store usikkerheita kjem innanlands frå. Debatten går høgt om den lenge varsla lakseskatten, pedagogisk sådd inn som ei «arealavgift». Men truleg er utrullinga av «trafikklyssystemet» meir alvorleg for mange lokaleigde selskap.

Reguleringa av biomasse områdevis har hengt i lufta lenge. Måtar å gjere det på har vore lufta gjennom ulike høyringar, ikkje utan protestar. Men no ser det ut til at ein har teke eit metodeval. Og i dei «raude» områda står ein i utgangspunktet overfor ein reduksjon i tillaten biomasse på konsesjonsnivå allereie neste år.

Dersom dette blir ein realitet, vil konkurransevridinga mellom selskap hardne til. Store selskap har gjerne løyve i mange område. Dei veks nokon stader og reduserer andre, og takka vere det interregionale biomassetaket får dei lov å overføre produksjon mellom område utan omsyn til farge på lyset.

Mest dramatisk blir det for dei som har alle løyve innanfor raude område. Dei får reduksjon på alt volum. Reduksjonen vil gjere at biomassetaket blir 6 % lågare. Kva det vil seie i årsproduksjon, må den enkelte rekne på. Det kjem an på korleis ein nyttar MTBen. Men det ein kan seie, er at det blir raskt ei luke mellom dei som går ned 6 % og dei som aukar. Ei luke som truleg aldri tettast att.

Over tid får ein potensielt eit divisjonsskilje i næringa, der lønsemda vil bli meir og meir ulik mellom grøne vinnarar og raude taparar. So er spørsmålet kor lenge den enkelte eigar vågar å sjå på dette, før ein kastar korta. Alternativet er å gjere tilpassingar no. Dei mest vakne er godt i gang.

Tekst: Øyvind Kråkås