Øya som nektar å vere ein utkant

Publisert 26. september 2017 av Havbrukspartner

Øysamfunnet Møkster i Austevoll har 55 fastbuande, og opp mot bebuarar 200 sommarstid. Eit sterkt lokalt engasjement sikrar at ein har skule, butikk, pub og eit rikt aktivitetstilbod.

Då det gamle lakseslakteriet kom for sal, vart selskapet Møkster Næringspark skipa. Selskapet er å rekne som eit folkeaksjeselskap, der mange lokalt interesserte bidrar for å sikre utvikling og aktivitet på øya. Så langt har det resultert i ny butikk, pub, rom for overnatting og selskapslokale. Ein jobbar og med å renovere andre etasje i butikken til moderne kontor.

Lar ungdomen prøvebu

Karsten Inge Møgster er fødd og oppvaksen på øya, og er andre generasjons drivar og medeigar i familiebedrifta Langøylaks AS. Han har vore med på opp og nedturar i oppdrettsnæringa, men dei siste åra har vore gode, med jamt høge prisar og stabil produksjon. Med pengar frå laksen kan han investere i framtida til lokalsamfunnet.

-Vi ynskjer auka aktivitet og tilflytting til Møkster. Unge og barnefamiliar må til for å oppretthalde skulen, seier han.
For å få tilflytting, må der vere bustader, og selskapet Møkster Bu leiger ut to prøvebustader, der barnefamiliar kan installere seg for å prøve ut livet som øybuarar.
-Det er kommunen som har bygd husa, og vi føler at vi har eit godt samarbeid med lokalpolitikarane i saker som er viktige for Møkster.

Karsten Inge sitt søskenbarn, Roger Jørgensen, er oppvaksen på Møgster, men busett i Fana. Han investerer no i 6 nye, moderne leilegheiter på Møkster, med tanke på utleige eller sal til etablerarar. Husværa vil vere klare ved årsskiftet, og hovudmålgruppa er barnefamiliar.

Rikt aktivitetstilbod

Ei øy i havet fristar sjølvsagt til fritidsaktivitetar på land og sjø. Møkster Aktivitetsklubb legg til rette for begge delar, med mellom anna kajakkar, paintball, frisbeegolf og Møkster Maraton. Løpet tilbyr tre variantar; ein konvensjonell maraton, nautisk maraton (4,2 nautiske mil, 7814,5 km) og Møkster Ultra, ein ekstremvariant på 63 292,5 meter. Det seier seg sjølv at det må bli mange rundar for å oppnå ein slik distanse.

-Løpet tiltrekke seg deltakarar frå fjern og nær, mange reiser rundt i verda for å springe flest mogleg eksotiske maraton.

Etter fullført løp, er det konsert på det gamle slakteriet. Her har ein kapasitet til å huse rundt 200 menneske på eit slik arrangement.

Kvart år, andre helga i juli, arrangerer Møkster Aktivitetsklubb ei rekke sjøaktivitetar; snorkling, vasski, tubekøyring, vass-scooter med meir. På kvelden er det sokalla «aftersea» på puben, ikkje ulikt det meir kjende konseptet «afterski».
Det er kombinasjonen av fastbuande og fritidsbustader som held samfunnet vitalt, og fleire nøkkelpersonar i samfunnsutviklinga er utflyttarar med tette band attende til øya. Frank Solberg er styreleiar i Møkster Næringspark. Han er busett i Bergen, men kjem attende til øya han vaks opp på så ofte han kan.

-Eg har bygd ei hytte som har kvalitetar som heilårsbustad, seier han.

Han innrømmer at engasjementet for Møkster til tider kan bli litt i meste laget for familien, men det gjev og mykje tilbake å sjå at ein lukkast med å få til aktivitet og utvikling.

Fryktar å bli verna vekk

Der er korte avstandar og nært mellom menneske på Møkster. Karsten Inge og Frank er også søskenbarn. Den eine vart buande, den andre flytta ut, men begge er dei aktive for ei framtid for denne delen av Austevoll, vestlandet og kystkulturen. Sterkt engasjement og gode tider i fiskeri- og havbruk gjev grunn til optimisme. Men Karsten Inge ser og nokre skyer i horisonten.

-Den regionale kystsoneplanen som er under arbeid, ynskjer å gjere sjøområda rundt Møkster til «omsynssoner». Det vil medføre sterke restriksjonar for kva ein kan drive med av næringsaktivitet. Vi treng å kunne utvikle lakseanlegga.

Fleire år med auka produksjonskostnader og ingen produksjonsvekst, har svekka konkurranseevna vår når prisane på fisken fell. Blir vi blokkerte, er det snart over og ut. Vi må flytte drifta elles hamnar vi i bakleksa, seier han.
Karsten Inge er heilt klar på at dei viktigaste næringsvegane for Møkster vil vere i havet, også framover.

-Det er havet som er vår ressurs. Vi ynskjer å utvikle vidare det vi har, men er også opptekne av å vere med på nye ting. Dyrking av tang og tare teiknar til å bli ei ny kystnæring, det er svært spanande, seier han.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås