Me hyrer biologistudent på deltid

Publisert 30. september 2021 av Havbrukspartner

Havbrukspartner har tilsett biologistudent Jacob Gaasdal på deltid, for å dra vekslar på hans kunnskap og gje han bransjeerfaring.

Jacob Gaasdal kjem frå Kvinnherad. Han studerer integrert master i fiskehelse (3.året), ved Universitetet i Bergen. Jacob er ein god ressurs i vårt team når det kjem til spørsmål om fiskehelse (førebygging, diagnose og behandling), fiskevelferd, ernæring og miljøforhold som er viktige for fiskehelse. I tillegg får han gjennom studiet ved Universitetet kompetanse innan infeksjonssjukdomar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar, samt innsikt i havbruksnæringa i eit globalt helse- og miljøperspektiv. Med fersk kunnskap, gode tilpassingsevner og stort engasjement, tilfører han gode løysningar og faglege avklaringar som kjem våre kundar til gode.