Mattilgang på dagsorden

Publisert 1. april 2022 av Havbrukspartner

I dei to åra som ligg bak oss, har me nordmenn lært oss smittehygiene og å økonomisere med straumen. 2022 kan bli året då me vil setje større pris på maten me har tilgang til.

Pandemi og fraktkrise har vore med og pressa opp prisane på matvarer. Medan ein håpte at ting skulle normalisere seg, kom invasjonen i Ukraina og sende verda ut i det som kan bli ei langt større matvarekrise.

Både Russland og Ukraina er storprodusentar av råvarer, som til dømes kveite og solsikker. Sanksjonar og tap av avlingar svekker tilgangen på desse ressursane dramatisk. For den rike verda betyr det auka prisar og meir usikker tilgang. For verdas fattige vil det innebere matmangel og svolt.

På konsumentnivå bør dette føre til ei enno større bevisstgjering på korleis matvanar påverkar vår felles tilgang på ernæring og andre ressursar, som vatn, gjødsel og energi. Mange matvarer krev store mengder ressursar gjennom produksjon og frakt. For lakseproduksjonen har der vore eit sterkt søkjelys på bruken av råvarer, medan dei fleste truleg er mindre oppdaterte på kva som vert brukt i ein del andre matvarer, ikkje minst tilverka produkt.

Også for nordmenn vil prisauken på matvarer bli sopass merkbar at matsvinn ikkje lenger blir eit spørsmål berre om moral, miljø og solidaritet, men også om privatøkonomi.

Vår sjanse til å bidra

For ei næring som lakseproduksjon, har ein langt større moglegheiter enn den enkelte forbrukar til å vere med og utvikle ein meir ressurseffektiv og stabil tilgang på råvarer i verdsmarknaden. Gjennom bevisste val og satsing på nye råvarer, kan me vere med og gjere tilgangen betre, ressursbruken meir effektiv og prisane meir stabile.

Erstatningar finst og fleire er under utprøving, for å auke breidda og tilgangen av råstoff til fiskefôret, og dermed minske presset både på dei vegetabilske og marine råvarene me brukar i dag. Fleire av desse produkta vil kunne produserast lokalt eller nærare enn der me hentar store volum av råstoff i dag, og dermed auke verdiskapinga her, minske transportbehov og  gjere oss mindre følsame for geopolitisk uro.

Styresmaktene bør saman med matprodusentar både på sjø og land lage ein strategi der ein driv fram utviklinga av alternative fôrråvarer. Situasjonen har ofte vore at leverandørar venter på kunden si tilslutning, kunden ventar på leverandøren og alle ventar på forsking og billegare tilgang på store nok volum. For å kome ut av denne klemma må ein bestemme seg i fellesskap. No er rette tida for det.

Tekst: Øyvind Kråkås

For meir kunnskap om emnet:

Krigen i matfatet

Orkla varsler enda dyrere mat i sommer

Fôret laks med kortreist gran

Høge råvareprisar kan bane veg for nye alternativ