Litt av ei historie

Publisert 15. juni 2022 av Havbrukspartner

Motivasjonen min for å jobbe med oppdrettsnæringa, ligg for det meste hos menneska eg har møtt der. Ein februardag i 2015 fekk eg det eg vil kalle ei stor oppleving av eit medmenneske si kraft. Saman med Arild Hagenes vitja eg Osterøytunet, der oppdrettspioneren Endre Rundhovde snart skulle fylle 90 år. Eg hadde lese og høyrt mykje om Endre, om energien og pågangsmotet han hadde, og den verdsvante og språkkunnige mannen han var. Denne dagen var han småsjuk, og svekka av alder og plager. Men det var ikkje desse avgrensingane som skulle stå att i hugen etter besøket.

Ein gong pioner, alltid pioner

Endre låg til sengs, omgitt av omsorgsfulle pleiarar. Me fekk kome inn på rommet hans, og eg presenterte meg og fortalde at eg hadde lyst å hente fram hans historie frå den gløymsla som hadde lagt seg over ein av desse aller fremste og mest retningsgjevande pionerane i næringa. Nokre vil seie at kampane mot staten, detaljert skildra i boka «Statsmakt mot laksepionerer», hadde teke frå Endre både krefter og status.

Han hadde vondt for å snakke denne dagen. Men Arild har denne evna at han kan få praten i gang, og han fiska med gamle historier og ambisjonar som han visste ville setje kjensler i sving. Endre kommenterte og korrigerte, og innimellom smilte han og lo litt. Historia lyfta seg ut av det enkle rommet, over det tunge skydekket og ut i den verda han elska å vere ein del av.

Han hadde ein kongstanke han enno sysla med. Å setje ut store mengder aure i dei tyske elvane, slik at dei kunne bli reinsa, og fisken kunne bli menneskemat. Han ville gjerne få bringe ideen fram for Angela Merkel. «Saknar du arbeidet med fiskeoppdrett?», spurte eg. Han såg på meg, det gnistra til i augo hans, so sa han; «Du skal berre få sjå, når eg kjem meg i gang att».

På rommet sitt hadde han papir frå si rike historie, og boka der kampane mot overmakta var skildra. Han ga meg begge deler. Til slutt kommanderte han Arild til å ta ned kalenderen hans som hang på veggen, med vakre bilete frå Osterøy. På baksida var det eit kart, og han synte meg kvar han hadde anlegga sine. Eg skulle få kalenderen og. Kjensla melde seg av at eg sto og ribba ein eldre mann for det siste han eigde. Eg prøvde å protestere. «Om eg har sagt at du skal få han, blir det slik», svarte han.

Historia lever vidare

I 2017 gjekk Endre Rundhovde bort. Han var gløymd av mange, forsøkt stroken av historia kanskje. Men eg har boka hans og kalenderen heime hos meg. Når eg tek det fram og ser på det, tenkjer eg at å våge er noko langt meir enn håpet om å vinne. Det er eit krav ein må stille til seg sjølv, om ein vil vere med og utvikle noko. Og om det å kjempe gir deg mange og mektige motstandarar, so er det likevel betre enn å gje tapt for feigheita og fleirtalet sin passivitet.

Endre Rundhovde vart oppdrettar, men han kunne sikkert vorte pioner innafor noko heilt anna om lagnaden hadde vilja det slik. Han var ei kraft som ikkje spurte kvar han skulle få motivasjon frå. Eg finne min motivasjon gjennom å fortelje hans historie, og andre historier som ligg der, løynde i graset og gløymde av fleirtalet. Historier om folk som vil noko, som jobbar for det, og som ikkje lar seg stogge.

Tekst: Øyvind Kråkås

Fotografi av Endre Rundhovde: Nils Inge Hitland