Kronikk: Den defensive eigaren

Publisert 16. mars 2023 av Havbrukspartner

Sidan innføringa av konsesjonsordninga, har staten i realiteten vore ein kontrollerande eigar av norsk lakseproduksjon. Staten har monopol på å tildele vekst, og har og høve til å redusere produksjonen. Som monopolistar flest, har staten vore forsiktig med innovasjon og teknologiutvikling.

Dominante aktørar er sjeldan dei mest innovative i ein sektor. Deira posisjon og inntekter er grunnlagt på den eksisterande forretningsmodellen, den gjeldande teknologien og den marknaden ein har bygd opp. Det vil vere uvørdent å rote med det. Uansvarleg og unødvendig.

Difor kjem ofte nyvinningane frå andre enn den etablerte «eliten». Verdas bilproduksjon var samla i nokre få, dominante selskap, men det var ikkje dei som fekk fart på interessa for el-bilar. Finske Nokia var enorme på mobiltelefonar, men det var ikkje dei som fornya ideen om kva ein berbar telefon skulle vere. Eller rettare sagt; kor mykje meir ein skulle bere med seg enn berre ein telefon.

Faktisk er det norske Vinmonopolet ei historie om eit monopol som klarte å fornye seg. Styrande krefter oppfatta at tidene og krava var i endring. Dei gamla landhandlarane var borte. Folk var ikkje nøgde med å stå ved ein disk og peike og stotre om kva dei ville ha. Sjølvbetente pol var ein revolusjon. I dag er det sjølvsagt. Saman med  ein del andre oppdateringar, i favør av utval og kundepleie, vart den monopoliserte omsetnaden av alkohol sett i stand til å gå nye tider i møte.

Marknadsarbeid i verdsklasse

Laksemonopolet, i form av den strenge reguleringa av kven som får lov til å produsere laks, og kor mykje volum dei får halde seg med, har vore grunngjeve på ulike måtar gjennom næringa si historie. Omsynet til etterspurnaden var lenge viktig. So lenge produsentar sjølv banka på dørene til hotell og restaurantar for å selje fisken sin, var dette ein skjør marknad. Ei heilt vanleg norsk primærnæring, med avgrensingane til eit land med få innbyggarar.

Men nordmenn har lenge vore driftige handelsmenn i fjerne land. I tusenvis av år faktisk. Ein hadde lenge selt fisk til den store verda. Sjølvsagt måtte ein det, her var jo langt meir å hente opp av havet enn det me åt sjølve. Langt borte sat der folk og venta på norsk fisk. Torsk til Sør-Amerika, makrell til Japan. Etter kvart som laksen vart eit produkt å rekne med, i volum og i kvalitet, var der kanalar for å få denne og ut i verda.

Og ein har lukkast so til dei grader. Alle kjenner historia om korleis nordmenn med mot og teft fekk japanarar til å bruke norsk laks i sjølvaste sushien. Eit energisk og kyndig sals- og marknadsføringsapparat, har skaffa kundar i stadig fleire land. Foredlingsindustrien, for ikkje å snakke om kokkar verda over, har jobba fram sine variantar av laksen, som gjere at denne er etterspurt i store mengder, heile året rundt.

Med andre ord; sals- og marknadsleddet har vore ultradynamisk. Forbløffande. Sjølvsagt har ein surfa på ei bylgje av globalisering, frihandel, effektiv distribusjon og matvanar i endring. Men det å surfe er heller ikkje berre lett. Der er sterk konkurranse om plassen i kjølediskar og på restaurant-menyar. Eit kompetent og omstillingsdyktig apparat har vore nødvendig.

Fisken er fundamentet

Kven dannar grunnlaget for denne suksessen? Produsentane, sjølvsagt. Som eit klokt hovud sa; det hjelper ikkje at mei er verdsmeistrar i å selje noko me ikkje får produsere. Og produksjonen har vore stabil, og lenge stigande. Andre si ulukke sikra våre marknadsandelar. Den hittil største utfordraren, Chile, gjekk ned for teljing. Andre produsentland sleit. Vi sikra vår posisjon som størst og stabile. Og med ein veksande verdsmarknad, har vi kunne nyte ein manko på fisk som har pressa prisane opp over alle forventningar.

Men veksten har kome med utfordringar. For mykje fisk dør i produksjonen. Behandling mot lus og gjelleproblem er stressande for fisken. Det svekkjer velferda og kostar mykje både biologisk og økonomisk. Tiltak med koordinerte utsett og geografiske barrierar har ikkje hindra smittespreiing godt nok. I tillegg blir stadig fleire opptekne av den sløsinga det er å sleppe gjødsla frå produksjonen rett ut i dei frie vassmassane. Desse utsleppa er ressursar på avvegar

Staten har konkludert med at produksjonen må tilpassast betre til naturen sine avgrensingar. Ein har lagt om på lokalitetsstrukturar, koordinert brakklegging og områderegulert produksjonsvoluma. Det har ikkje fjerna utfordringane, men det har stagga veksten. Sidan ingen andre produsentland har klart å auke betydeleg, pressar det prisane opp. På fisken, men og på rettigheitene til å produsere i Norge.

Situasjonen blir ofte skildra som eit eventyr, ei historie om naturgjeven superprofitt. Uansett, der er skyer i horisonten. Landbasert oppdrett er i frammarsj. Det går ikkje so fort som entusiastar og finansakrobatar har trudd, men det kjem. Det er som med el-bilen, når mange nok kastar seg over potensialet, vil ein klare å gjere resirkulering av vatn godt nok og rimeleg nok til å produsere betydelege mengder fisk. Det vil bli ein verdsomspennande produksjon.

Også i i opent hav reknar mange potensialet som stort nok til at dei vil satse tungt på teknologi og infrastruktur. Lukkast dette, er potensialet enormt. Folk kjem til å vere vantru til historia om at det var ei tid då kinesarar kjøpte laks frå anlegg heilt nord langs Atlanterhavet. Laks blir som andre husdyr, du kan produsere han der kundane bur.

Med dette bakteppet, ynskjer framleis den norske staten å skvise flest mogleg kroner ut av sine eigne lakseprodusentar. Medeigarane, om du vil. Ein forvaltar konsesjonsordninga som ein fornyar ressurs, der verdiane er forut bestemte til å berre gå oppover. Gjennom nullvekst, pressar ein opp prisane, og kan dermed skattlegge ein formidabelt profitt. Det høyrest fantastisk ut. Genialt.

Kostnader og konkurranse

Det er ikkje sikkert eg får rett med det første. Det kan gå godt lenge. Men like sikkert som viss du droppar alt vedlikehald på bilen din, så vil også denne glupske strategien ende i ein bråstogg, ein eller annan stad langs vegen. Den ukrenkelege marknadsposisjonen, endar alltid i eit fall. Eller ein disrupsjon, som det heiter no om dagen. Kostnadsauken vil blottlegge næringa. Dei biologisk problema (eller utfordringane, som du kanskje kallar det), vil gjere biletet stadig meir ugreitt. Og kjøparane, dei kan ein jo aldri stole heilt på.

Kva må til? Der må snarast kome på plass ordningar som gjere at innovasjon og utvikling blir noko som alle blir opptekne av, ikkje berre nokre få idealistar (el-bilen der igjen, ja). Regelverk og regulering må legge til rette for og premiere framsteg i produksjonen. Folk som ikkje har prøvd, veit det ikkje. Men det er faktisk svært krevjande og komplisert å få lov til å prøve ut og skalere opp nye løysingar i dag. Sjølv om ein stiller med stor økonomisk risikovilje, møter ein regelverk som heng etter, og lite politisk vilje til å jobbe fram endringar.

Kvifor er det slik? Eg veit ikkje. Men hypotesen eg stadig kjem attende til, er at dagens reguleringar er for lønsame til at ein ynskjer å risikere noko gjennom endring og nyvinning. Ein har skapt ein situasjon der staten (og kommunane/fylka) tenar godt på å porsjonere ut vekst i passelege dosar, og no ser sjansen til å skattlegge verdien av dei same rettigheitene på ein mykje meir aggressiv måte. Ein har skapt seg ei krukke med gull, som aldri ser ut til å gå tom. Men gå til historia, og sjå om der finst døme på at slik tenking har slått feil.

Kapitalen og avkastninga som finst i næringa i dag, bør i størst mogleg grad investerast i endring og utvikling. Prøving og feiling. Tilpassing og nytenking. På den måten kan havbruk bli den framtidsnæringa ein stadig snakkar om. Kapitalen må slusast inn i dette arbeidet, i staden for å drenere han ut av næringa, og inn til staten.

Tekst: Øyvind Kråkås