Kostnadskuttar

Publisert 24. juni 2017 av Havbrukspartner

Dei siste åra med høge lakseprisar har gitt eitt hovudfokus; å halde fisken lusefri. Men samstundes har produksjonskostnadane stige i været. I tida framover er det klokt å sjå på moglege kostnadskutt i drifta.

Lusa har vore sterkt kostnadsdrivande for norsk lakseproduksjon. Førebygging, svelting, behandling, tap og sjukdom er kostnadsfaktorar som spring ut av kampen mot parasitten. For mange aktørar er ein borti ei dobling av produksjonskostnad i løpet av tiåret me er inne i. Gode lakseprisar har gjort at det enno ikkje kjennest på beltet.

Det er i gode tider ein legge grunnlaget for ein skikkeleg konkurs, seiest det. Det er marknaden som bestemmer prisen på laks, og marknaden tek ingen omsyn til produksjonskostnader. Taparane i feltet vil bli luka ut, ettersom prisane fell ned mot smertegrensa. På eit tidspunkt vil høge kostnader ikkje berre vere eit spørsmål om margin, men eit spørsmål om overleving.

Sjølv om kostnader knytte til lus bære mykje av ansvaret for det generelle kostnadsnivået, er ei kvar krone spart like god. Aktørane bør difor gå gjennom heile sin produksjon; biologi, fôring, produksjonsstruktur, utstyr, arbeidsmåtar, innkjøp og alle typar driftsoptimalisering for å snu alle steinar på vegen mot eit lågare kostnadsnivå.

Havbrukspartner skal vere ein støttespelar for å kutte kostnader og vere konkurransedyktige i produksjonen av fisk. Difor kallar vi oss «Kostnadskuttar»