Kommentar: Keisarens nye strategidokument

Publisert 30. august 2022 av Havbrukspartner

Eg har verkeleg sett fram til at teikneserien «Lunch» skulle kome som levande bilete. Med denne stripa har Børge Lund gjort satire av eit felt som veldig mange av oss kjenner godt til, men få har våga å le openlyst av. Me har rett og slett vore for profesjonelle til det.

 

 

 

Mitt liv som lite lur

Før eg vart ein kontormann, var eg ein butikkmann. Eg kledde meg praktisk, lyse skjorter og bukser med press var forferdeleg upraktisk, og som dei seier i Sogn, sulkasamt (ser lett tilskitna ut). Kunden kom rett til meg med sine førespurnader, og eg måtte hjelpe som best eg kunne. Stundom kunne eg ikkje, og måtte gjerne tole ei viss mengde kjeft. Eg måtte berre ta det, for kunden sto jo der og såg meg inn i augo. Ikkje noko telefonrøyr, langt mindre nokon skjerm, å gøyme seg bak.

Det var eit meiningsfullt og variert liv, å skulle vere til hjelp for folk med deira daglege materielle behov. Mange vart glade og nøgde, som regel var det kjekt å møte mange menneske i løpet av dagen. Men stundom kunne eg ta meg i å ynskje meg ei dør eg kunne lukke bak meg. Og å kunne vente med å svare på noko til eg var meir budd. Eg kunne tenkje at det var greiare for dei som produserte laks, og hadde sine kundar langt vekke. Med andre folk mellom seg og den nådelause kunden, om noko ikkje fall rett på plass.

So er eg jo ein slik kar som legge seg borti ting, og har meiningar. Eg kan nok til og med ha vore det min grandonkel oppsummerte som «ein skitunge som snakka til vaksne folk». (Det var ein annan slektning han sa det til, so dette kan vere genetisk betinga). Med denne framfuse, ivrige og lite audmjuke stilen, tok eg meg inn i kontorlivets korridorar. Der fekk eg rett som det var beskjed om at dette var ikkje rette måten å lukkast på. Eg måtte bli smartare, meir profesjonell.

Det var sjølvsagt heilt rett. Du fangar fleire fluger med honning enn du gjere med eddik, som det heiter. Ved å vere meir smidig, avvæpnande og taktfull, kan ein vende om fleire enn ved å berre gå rett på og gje svaret, utan å ha teke seg tid til eit einaste spørsmål. Det viser seg ofte at folk ikkje er so steilt ueinige, om ein nærmar seg gradvis og diskuterer ting godt. Det syner seg og at mange har stor vilje til endring, om dei får forståinga av kvifor det er fornuftig.

Med åra skulle eg møte mange taktikarar og strategar, folk som roleg og effektivt gjennomførte store endringar, bygde store verdiar og leia mange menneske i ei felles retning. Einarar som eg kunne skule målbunden på, og ynskje at eg var som dei. Men eg skulle og møte mange pratmakarar som såg overberande rundt seg, og fortalte om den profesjonelle vegen å gå, utan at du nokon sinne såg dei ta føtene fatt.

Dei fleste av oss er i større eller mindre grad ein del av pratmakarane sitt korps. Me snakkar større enn me klarar å byggje. Det er ikkje noko nytt. Henrik Ibsen skreiv om tilværet «mellom evne og higen», der mennesket kan gå under eller bli gjort til latter. Det som heller ikkje er nytt, er at det stadig dukkar opp nokon med ein heilt ny måte å gjere ting på, som skal gje framgang og fortrenge det gamle. Her kjem ein ofte i hug ein annan nordisk diktar, H.C Andersen.

Vegen blir til medan du går deg vill

Profesjonaliteten er samtida sitt lys, i kontor og korridorar. Det profesjonaliteten lovar, er effektivitet og likebehandling. Raskaste og sikraste vegen til betre løysingar. Betre resultat. Betre lønsemd. Profesjonaliteten er det ukloke, det ufine, det famlande og det uartikulerte sitt motstykke. Profesjonaliteten er den sikre løysinga, og rett på sak.

Og innimellom so opplevast det slik. Som det perfekte skjema på nettet. Du berre går kjapt inn, får ting på rett plass, og so løyser det seg. Men det er som når du ser ei bragd bli utført, det er lettare å analysere det og snakke om det enn å gjere det sjølv. Eg vil påstå at løftet om profesjonalitet, og påfølgjande tomgang, er mykje vanlegare enn den kjappe løysinga.

Det er jo ikkje so rart, at det er vanskelegare å utføre gjeremål enn å snakke om dei. Og mange spørsmål har ikkje eit kort og greitt svar. Det som derimot kan vere litt viktig, er at heile innpakkinga av profesjonalitet, med underforstått tung viten og skråsikker handling, ofte tener som eit dekke for usikkerheit, forvirring og manglande plan. Stundom til og med manglande vilje til å ta konsekvensane av situasjonen ein er i.

Og det er dette feltet teikneserien Lunch har rota opp i. Det språket som simulerer ein struktur i noko som eigentleg er planlaust, motlaust og håplaust. Dei evige løfta om forbetring og effektivisering, utan at noko kan forklare med enkle ord kva som skal skje og kve det skal ende i. Det er i denne hengemyra leiarar og konsulentar har lett for å møtast, og å bli hengande fast i lag.

Sjølvsagt er det komisk. Herleg underhaldning. Men det er og dyrt. Og det er til hinder for handling. Motiverte tilsette blir haldne nede med tomt preik og endelause prosessar. Leiarar sit og klamrar seg til armlena på direktørstolen, framfor å løfte fram medarbeidarar, i frykt for ikkje å svare til den profesjonelle protokollen. Folk sit i evige møter og preikar vas med kvarandre, i staden for å snakke ut om ting.

Ver tru mot deg sjølv, på godt og gale

Mi ferd gjennom kontorlivet, tok meg inn i konsulentlivet. Eg ville jobbe med ulike bedrifter og deira kommunikasjonsbehov, internt og eksternt. Mitt utgangspunkt er at du kommuniserer best når du legg deg tettast mogleg opp mot den du er til kvardags, og er mest mogleg konkret på ting du faktisk har tenkt å gjennomføre.

Dei verkeleg profesjonelle, er dei som kan sjå kritisk på seg sjølv og si verksemd. Som kan stå i ein open diskusjon, og kan ta med seg det beste i kritikken for å bli betre. Dei som vågar å prøve og feile, og tek ansvaret uansett resultat. Og som har ryggrad til å påpeike det når noko blir uforståeleg, tåkelagt eller totalt unyttig.

Me blir ikkje betre av å bruke uklare omgrep, amerikanske fraser eller å presse fram visjonar, slagord og svulmande prosjektnamn i strie straumar. Det kan vere lurt å heller begynne med svaret. Kva ynskjer eg å oppnå, viss eg lukkast fullt og heilt? Det er enklare å legge opp den beste ruta, om du er trygg på kvar du vil.

 

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Faksimile frå teikneserien Lunch, av Børge Lund