Julehelsing; Gåva sin funksjon

Publisert 18. desember 2020 av Havbrukspartner

Om der finst eit element som kan halde deg stressa like inn mot julekvelden, so er det gåvene. Gåvene har ei heilt sentral rolle i vår julefeiring. Mange vil seie det har eskalert til ein straum av kjøpepress, forbruksgjeld og overforbruk. Men det er ikkje berre å slutte å gje gåver. Gåva har viktige sosiale funksjonar.

Gåveøkonomi er eit fenomen som først vart skildra av den franske sosiologen Marcel Mauss i essayet «Gaven» frå 1925. Her teke han føre seg praksisen med å gje gåver i tidlege stammesamfunn. Gåva var eit bindeledd, eit element som rørte ved økonomiske, politiske, juridiske, private, estetiske og religiøse aspekt i desse samfunna. Gåva kunne utløyse krav om ei gjenyting, omgåande eller som ei ståande gjeld. Gåvegjeving var knytt mot faste ritual, som bryllaup, men og mellom vener, ektefellar,  vertskap og besøkjande.

Eit gåvesystem merkar seg i fylgje Mauss ut med minst tre sentrale element; den sosiale distinksjonen (det gåva fortel om gjevar og mottakar), normene som omfattar det (kva blir forventa av partane i gåveutvekslinga), og rituala og symbolikken rundt. Det siste er med på å oppretthalde gåveutvekslinga som eit kollektivt fenomen.

Omfordelande effekt

Det er kanskje litt tungt å ta inn dette akademiske stoffet akkurat no, når du lurer fælt på kva du skal gje til ektefellen eller ungane for å score betre enn med det du kom med i fjor. La oss difor gå over til å kople nokre av dei fenomena Mauss skildra til forhold i vår samtid.

I eit samfunn på Trobriand-øyane (ved Ny Guinea) var mottakar forplikta til å gje gåva vidare med ein gong han fekk ho. Han skulle ikkje sitje att med noko, so sant det var mogleg. Ein kan tenkje seg at dette baud på både fordelar og ulemper. Nokre gåver blir påviseleg gitt vidare også i vår tid. Ein kan til dømes slumpe til å opne ei øskje konfekt som må ha vore i sirkulasjon gjennom tiår.

Samstundes har eit element av denne tradisjonen også innteke vår omdømebevisste og overmette samtid, ved at bedrifter gjev deg varsel om ei gåve dei allereie har gitt vidare til nokon dei fann meir trengande. Eg er derimot usikker på om det framleis er ei gåve når du aldri har hatt objektet i hende, og langt mindre fekk lov til å levere det vidare sjølv…

Eit anna interessant døme er Potlatch-ritualet blant nordamerikanske stammar. Her gav mellom anna høvdingane vekk store delar av rikdomen sin til resten av stammen. Dette kan vere til inspirasjon for oppdrettsnæringa. Når samfunnet opnar opp att for sosiale samlingar, vil eg tru det blir ein vinnar om ein kan invitere til eit treff der konsesjonar og smått og stort av aktiva vert delt ut frå dei mest bemidla til resten av forsamlinga. Dette vil truleg og demme opp for innføring av grunnrente og andre særskattar.

Gåver i vår tid

I vår samtid meiner mange at gåveutvekslinga, og spesielt den rundt jul, har gått over styr. Mange kjøper gåver dei eigentleg ikkje har råd til, og mange får gåver som dei eigentleg ikkje bryr seg om. Sistnemnde fenomen gripe inn i det økonomar vil kalle «daudvektstap». Det handlar om at gjevaren har betalt meir for gåva enn det mottakaren veit å setje pris på. I fylgje slik teori er pengar eller liknande likvidar den perfekte gåva. Ulempa for gjevaren er sjølvsagt at det er vanskeleg å kamuflere gniskapen sin då. Sjølvsagt blir ikkje gåva særleg personleg heller.

Mange er redde for å gje for mykje, medan andre er redde for å gje for lite. I sistnemnde kategori finst mest kvinner, samt menn med dårleg samvit. Mange menn har eit svært avgrensa ansvar for å framskaffe julegåver, men desto større kan presset vere på det dei skal levere. Frå mi tid som handelsmann, kan eg bekrefte at menn med tidsnaud kjøper dyre gåver. Rundt stengjetid på julaftan renn det ut gullringar, diamantar, dyre klede og sikkert det som langt større er (slikt som hestar og sportsbilar). I butikken som min familie dreiv, fekk me nok ikkje den beste utteljinga på dette. Me selde byggjevarer, men ingen kjøper eikegolv eller glasert takstein i julegåve til kona. (Derimot er der ganske mange som kjempar mot klokka for å kome i mål med ei storstilt oppussing, før jula ringer inn).

Hos nokre har julegåveinnkjøpa fått meir preg av eit budsjettarbeid, der ein forsøker å imøtekome so mange som overhovudet mogleg av mottakaren sine ynskjer (uøkonomisk nok har ei gåve ofte lågare status desto meir mottakaren kan dokumenter eit behov for ho). I desse kretsar er det sjølvsagt umusikalsk å kjøpe noko som ikkje står på krav-spesifikasjonen (også kalla ynskjelista).  Det blir og føreteke ein takst like etter opninga av gåvene, slik at ein kan bringe på det reine om leveransen står i stil med forventningane Her er det altso snakk om ein slags julegåve-tariff.

Men kva skal ein gjere då?!

Her skulle altså vere rikeleg å jobbe med også for dagens sosiologar. Der er nokon som seier at det er tanken bak gåva som tel. Men stundom er det jo nettopp det ein sit att og lurer på; kva i alle dagar har gjevaren tenkt her? Sjølv legg eg meir enn gjerne inn ei lita finte i gåveleveringa, der eg først deler ut ei gåve som eg veit vil gå langt tilsides for mål. På denne måten får ein moderert mottakaren sine forventningar litt, før ein kjem fram med «den eigentlege gåva».

Tipsa til deg som enno rotar formålslaust rundt etter julegåver, er altså å legge rikeleg med pengar i bordet og lytte intenst til kva mottakaren ynskjer seg, og helst overgå det. Eventuelt må du moderere forventningane so mykje at det meste vil passere som ei stor lette. Om du ikkje skulle ynskje å fylgje desse råda, kan du og vurdere dette:

Sett deg ned og trekk pusten djupt. Tenk nøye gjennom kva interesser og behov mottakaren har. Kjøp, lag eller lov noko som du meiner passar godt nettopp til denne personen. Julegåver har den funksjonen at dei stadfester forholdet mellom folk. I beste fall kan dei til og med betre forholdet mellom oss, fordi dei syner at me hugsar på kvarandre, sjølv om alt har vore stress og kaos og gløymde løfter i året som gjekk.

God jul, og godt nytt år!

Beste helsing,

Arild, Johnny, Roger, Jan og Øyvind i Havbrukspartner