Julehelsing; Alle treng ein partner å stø seg til

Publisert 23. desember 2019 av Havbrukspartner

Kjøre vener,

Endeleg er det jul att, og små og store gler seg. For mange har juleevangeliet ein sentral plass i julefeiringa, midt mellom gåver og pinnekjøt og sprø svor og lutefisk. Der er ein person i juleevangeliet eg ofte har tenkt litt på; den lojale Josef.

Eg må vedgå at det har ikkje vore for mykje kunnskap eg har tileigna meg om Josef, han har passert i ei birolle. Som menn ofte har gjort, pesa han rundt etter overnatting i ein fullbooka by. Josef var forlova, noko han sikkert var godt nøgd med, men det som kan verke meir stressande, var at barnet ikkje var hans…

Var Josef mildt overbærande på dette? Ikkje heilt, skal det vise seg. Ein engel måtte syne seg for han for å overtyde han om at det var Guds barn forloveden Maria bar på. Eg vil nesten seie det gagnar inntrykket av Josef at han forlangte sopass før han kjøpte den historia. Men når so var sagt, skal han ha vore ein fosterfar av rang. Ein trufast familiemann.

Gjennom historia har Josef blitt dyrka for sin lojalitet og pliktkjensle. Og utan tvil var han viktig i historia i juleevangeliet, sjølv om han er tillagt ein slags birolle der han mest står for det praktiske rundt. Vi veit ikkje mykje om kva han sa og tenkte, men hos Prøysen, i Julekveldsvisa, får vi vite at han sto og lo, so han må ha klart seg rimeleg bra oppi det heile, med fødsel under sopass enkle forhold.

Om eg skulle velje meg ei rolle å spele i juleevangeliet, måtte det bli Josef. (Det er vanskeleg å tenkje meg inn i rollene til Maria, Jesusbarnet eller dei tre vise mennene. Gjeter kunne eg vel kanskje spelt, eg har vore med og sanka sauer.) Josef er den evige partneren. Den lojale støttespelaren som får ting på plass. Han fiksa overnatting, fødselen går bra. Han ordnar opp utan å setje seg sjølv i sentrum.

Kan vi dra ein parallell frå Josef til kvardagen i Havbrukspartner? Utvilsamt. Alle treng ein partner, slik har det vore til alle tider. Nokon å stø seg til, ein som pussar på ting og spring inn lukene. Ein som får det gjort, som ser kva som trengst. Heile året prøver vi i Havbrukspartner å vere slike. Tett på våre kundar, for å hjelpe dei litt vidare, for å gjere jobben litt lettare.

Det er ein fantastisk jobb å stadig få kome inn og bistå folk og verksemder med det dei treng å få hjelp med, for å oppnå enno litt betre resultat, eller berge dei ut av ei knipe. Kvar dag kastar vi oss over dette arbeidet, og prøver å yte vårt beste. Men akkurat no i jula slakkar vi oss litt bakpå og lar jobb vere jobb. No tenkjer vi heller på familien i nokre dagar. Og på Josef og hans familie.

 

God jul, og godt nytt år! Takk for det gamle!

Beste helsing alle i Havbrukspartner

Les meir om Josef frå Nasaret her