Havbrukspartner inngår avtale med Sande Aqua

Publisert 2. desember 2020 av Havbrukspartner

Havbrukspartner blir ein del av teamet som skal utvikle landbasert lakseoppdrett ved Skipavika i Gulen.

-At Havbrukspartner får vere ein del av denne typen næringsutvikling er veldig interessant og viktig for oss. Me har jobba ei god stund med å bygge opp kunnskapen vår om RAS-teknologi og drift av slike anlegg, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås.

Viktig for regionen

Sande Aqua skal bygge eit anlegg med kapasitet til å produsere 33.000 tonn laks, med bruk av Billund Aquaculture sin teknologi. Dette vil gjere selskapet til den største produsenten av laks på land i Norge, og den nest største lakseprodusenten i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, etter MOWI. Anlegget skal ligge i Skipavika Næringspark på Sandøyna i Gulen kommune, der ein allereie har på plass ein infrastruktur med ferskvatn, veg og kaianlegg.

-Me kjenner til industrimiljøet i Skipavika frå før, og har late oss imponere over kva dei har fått til. Det er med og gir tyngde til ambisjonane i denne satsinga. Dette er eit stort prosjekt for heile denne regionen. Det blir eit spennande fagmiljø, og ikkje minst ein betydeleg matprodusent, seier Kråkås.

Fagfolk i alle ledd

Sande Aqua har allereie fått på plass eit breitt og kompetent lag som skal styre prosjektet fram mot full drift. Gründer Stein Inge Larsen og dagleg leiar Peder Bruce har rekruttert fagfolk på alle relevante område for å realisere sine ambisjonar.

-Det er viktig for oss å ha spisskompetanse på alt frå økonomi og finansiering, via teknologi og prosjektstyring til biologi og fiskevelferd. Det er på desse siste områda Havbrukspartner kjem inn i biletet. Me opplever dei som kompetente og med mykje erfaring frå bransjen,  og ikkje minst med eit engasjement for å utvikle næringa, seier Peder Bruce.

Byggestart for anlegget blir truleg mot slutten av 2021.