Havbrukspartner fyller 3 år

Publisert 30. april 2020 av Havbrukspartner

Havbrukspartner har lagt bak seg tre år som konsulentselskap med havbruksnæringa som spesialfelt. Selskapet disponerer no fem konsulentar som dekkar kvar sine felt.

Kva er nytt i Havbrukspartner det siste året?

1. april 2019 kom Roger Marøy inn på laget. Han har tilført oss verdifull kompetanse på RAS, noko som er svært tidsaktuelt og etterspurt. Roger har og eit stort kontaktnett, og han er ein positiv og serviceinnstilt person. Me er svært glade for å ha fått han med oss.

I haust kom og Jan Fossberg med i våre rekker, og han tilfører oss kunnskap og erfaring på den økonomiske og forretningsmessige delen. No kan me trygt ta på oss oppdrag der bedrifter ynskjer å finne ein annan struktur, lage ein betre forretningsplan eller vil kutte kostnader. Jan har enormt mykje erfaring både frå havbruk og heilt andre bransjar. Han er ein trygg medspelar og ein mann det har vore veldig interessant å bli betre kjend med.

Me har altso utvida kompetansefeltet og tenestespekteret vårt betydeleg. Dette gjere oss til eit meir komplett rådgjevingsselskap.

Har næringa endra seg på desse 3 åra?

Ja, det blir stadig meir omfattande å drive lakseoppdrett. Med innføringa av trafikklyssystemet, står ein overfor at omkringliggande faktorar kan gjere innhogg i heile driftsgrunnlaget til selskapa. Om du har styringa over eit oppdrettsselskap i 2020, må du ta hand om enno fleire element enn ein måtte for berre nokre år sidan. Ein må og ha ei svært avklart forståing av selskapet sitt forhold til samfunnet rundt.

Det er tydeleg at mange av aktørane er veldig ulike, sjølv om dei er jamne i talet på konsesjonar og ligg i geografisk nærleik av kvarandre. Dette ser ein ikkje minst på kor stort volum ein produserer, kva lokalitetar ein disponerer og korleis organisasjonen er bygd opp. Det å bruke pengar på administrasjon har ikkje hatt prioritet hos alle, men no begynner ein del å føle på at dei er underadministrerte. Det er der Havbrukspartner kan kome inn og vere ein medhjelpar, framfor å tilsetje fleire på kontor i bedriftene.

So ser me at det hardnar til i kampen om sjøareal. Her har me hjelpt fleire med å få lokalitetar i andre område enn dei er i dag, for å avlaste risiko. Men det er eit vindauge som blir stadig mindre. Dette resulterer og i at interessa for å auke produksjonen på land blir stadig større, både med større smolt og matfisk. Det byr på nye typar utfordringar og kunnskapsbehov.

Har Havbrukspartner no funne si endelege form?

Nei, eit rådgjevingsselskap kan vel knapt snakke om noka endeleg form. Me endrar oss med etterspurnaden. Her er ingen tungrodde strategiprosessar, me er heile vegen i kontakt med ei stor kundegruppe som melder attende om kva tenester dei har bruk for.

Men sjølvsagt har me ei sterkare spesialisering innafor ein del tenester. Me har utvikla dei tenestene som me satsa på då me starta, samstundes med at nye har kome til. Og nokre ting har me valt å ikkje satse på. Ein må gjere visse vegval for å bli gode nok.

Havbrukspartner har og ei innkjøpsordning for oppdretterar?

Ja, og det er veldig interessant for oss. Det krev mykje fagkunnskap å gjere gode innkjøp, det er ikkje so mykje hjelp i for brukaren om prisen verkar god dersom produkta ikkje er optimale. Me er difor veldig opptekne av å ha gode prisar på dei beste produkta. Og ikkje minst vidareutviklar me våre eigne fôrreseptar, Performance og Noble, for å halde tritt med ny kunnskap og råvarer. Når det kjem til fôr er det sjølvsagt fisken sitt utbyte av fôret, både med omsyn til tilvekst og helse, som avgjere kva som er ein god pris. Biologien er den viktigaste føresetnaden for økonomien, kan du seie.

I tillegg organiserer Havbrukspartner innkjøp av vaksiner, oksygen, forsikringar, analysetenester og desinfeksjon. Her er det ofte sterke preferansar, men me jobbar tett på for å fange opp endringar i marknaden og sikre konkurransedyktige vilkår.

Les meir om våre tilsette her

Les og: Der føregår veldig mykje rundt RAS no

 

Tekst: Øyvind Kråkås, dagleg leiar

Foto: Kjell Jøran Hansen