Havbrukspartner 2 år

Publisert 6. mai 2019 av Havbrukspartner

2. mai var det to år sidan Havbrukspartner starta opp drifta. Sidan den gongen har vi hjelpt ei rekke havbruksaktørar med ein stor variasjon av problemstillingar.

Kva har vore dei viktigaste oppgåvene Havbrukspartner har løyst?

-For den som har ei oppgåve som skal løysast, er det alltid viktig å få god hjelp, uansett kor enkel eller omfattande oppgåva kan stå fram for omverda. Vi er like glade for å ha avløyst folk med enkle spørsmål, som dei store, tunge prosessane vi har blitt involverte i.

Tilfelle der vi har skaffa bedrifter nye kundar eller investorar er hyggelege fordi det medfører utvikling i eit lokalsamfunn. Det er og med og sikrar jobbane til folk.
Det å hjelpe til med rekruttering er og udelt positivt, når ein sit igjen med to partar som er svært nøgde med å ha funne fram til kvarandre.
Samstundes er det fint å kunne avlaste med søknader og den slags arbeid, som folk ofte har det for travelt til å setje seg ned med og få utført skikkeleg. Mange set stor pris på å få hjelp til slikt.

Korleis er ståa i Havbrukspartner i høve til forventingane ved oppstart?

-Utvalet av oppgåver som vi løyser er enno breiare enn det vi kunne forutsjå , og det er svært positivt. Der oppstår stadig sjansar som vi kastar oss på, og då lærer ein mykje undervegs.

Økonomisk står selskapet seg betre enn vi hadde budsjettert med, og det har sett oss i stand til å satse på ny kompetanse og å vere offensive. I 2018 opplevde vi vekst på alle satsingsområde, og det er viktig. Også 2019 har opna svært positivt.

Kva er dei viktigaste måla for 2019 og åra som kjem?

-Vi jobbar heile vegen med å halde våre eksisterande kundar tilfredse, og alle tilsette fullt sysselsette. So har vi fått inn Roger Marøy som vil styrke oss på kundekontakt, både mot nye og eksisterande oppdragsgjevarar.

Kvalitet på tenestene står sentralt, og difor ynskjer vi ikkje å satse altfor bredt. Vi dyrkar nokre hovudområde; rådgjeving, rekruttering, innkjøp, kommunikasjon og prosjektleiing. Innforbi desse felta er der stadig mykje uløyst. Men so hender det at vi blir involverte i noko heilt anna, og det er jo spennande.

Vi har eit ynskje om å fylle ordrebøkene sopass at vi kan hente inn ytterlegare kompetanse til selskapet. Ein må ynskje å utvikle seg, litt kvar dag. Vi brukar og ressursar på å analysere strøymingar i næringa, og fange opp ting som er på gang. Vi er engasjerte i fleire ting som vi meiner er i forkant av utvikling som vil kome dei næraste åra.

Les og:

Performance-fôret gjev resultat

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Kjell Jøran Hansen