Har redusert generatorbruken med over 80 %

Publisert 19. september 2018 av Havbrukspartner

Engesund Fiskeoppdrett har installert landstraum på alle sine lokalitetar, så nær som på Leirvika i Masfjorden kommune. Her har dei prøvd ut ei hybridløysing, «Batterator». Dette har redusert driftstida på generatoren med over 80 %.

-Vi har no passert 1000 timar driftstid på batteriløysinga, medan generatoren har gått 183 timar i same perioden. Det overgår våre forventingar, og er svært positivt for miljøet, kostnadane, dei tilsette på anlegget og naboar, seier dagleg leiar Svein Eivind Gilje ved Engesund Fiskeoppdrett.

Batterator vert levert av Electro Automation Austevoll. Dei marknadsfører dette som ei energiløysing for lokalitetar der landstraum ikkje er eit reelt alternativ, nett slik som på Leirvika. Dei ser fylgjande argument som vesentlege for å velje ei hybridløysing framfor tradisjonell generatordrift:

  • Redusert drivstofforbruk og utslepp
  • Redusert gangtid og vedlikehald på dieselgenerator
  • Redusert støy for røktarar og naboar
  • Avbrotsfri straumforsyning
  • Moglegheiter for tilkobling av andre fornybare energikjelder

-Det er veldig kjekt at det er så gode driftsdata på Batteratoren til Engesund Fiskeoppdrett. Over 80% reduksjon i driftstimar på generatoren er faktisk betre enn vi hadde regna med på førehand. Systemet har vist seg å være stabilt og driftssikkert, og det styrer seg sjølv utan assistanse frå dei tilsette på anlegget. I desse dagar har vi oppstart av ein Batterator på ein annan lokalitet, og vi er overbeviste om at det er mange tilsvarande lokalitetar som kunne hatt store innsparingar med ei slik hybridløysing, seier salsleder Sigurd Vik hos Electro Automation Austevoll.

Tekst: Øyvind Kråkås