Gode tilbakemeldingar etter kommunikasjonskurs

Publisert 16. oktober 2019 av Havbrukspartner

Etter at Havbrukspartner heldt kurs i mediehandtering og kommunikasjon, har tilbakemeldingane frå deltakarane vore gode.Vi meiner mange fleire vil ha nytte og interesse av kurset.

Kurset hadde ei spennvidde frå grunnleggande medieforståing til råd og rettleiing for kommunikasjon med forvaltninga og politikarar. Gjennom konkrete eksempel og diskusjon blei dei frammøtte trente i å forstå media si rolle, gode arbeidsmetodar og ikkje minst å ha forståing for mottakar sin posisjon i ulike samanhengar der kommunikasjonen lett kan spore av.

-Vi er glade for å ha hatt ei god gjennomføring av dette kurset, og vil gjerne takke både deltakarar og gjesteinnleiarar som stilte opp med veldig gode innlegg og mykje engasjement. Vi ynskjer å tilby denne typen kurs til langt fleire, gjerne ute hos bedrifter eller andre aktørar som ser nytta av å forbetre sin kommunikasjon både med omverda og internt, seier kursleiar Øyvind Kråkås.