Framtida er færre og færre?

Publisert 11. september 2017 av Havbrukspartner

Frå 1989 til i dag er talet på jordbruksverksemder redusert med nesten 60 %. I oppdrettsnæringa er det prosentvise talet enno høgare.
Frå 1991 er talet på eigaropererte oppdrettsselskap i Noreg for laks og aure redusert frå over 800 til rundt 150. 8 av 10 sjølveigande fiskeoppdrettarar er borte. Konsentrasjonen av produksjon er stadig større; i 1996 hadde dei ti største selskapa hand om 19 %, i 2015 hadde dei 69 %.

Dei to primærnæringane jordbruk og havbruk vert ofte oppfatta og omtala som to vidt ulike bransjar. Talet på aktørar i jordbruket er langt fleire. Tala for inntening og produksjonsvolum er i dag veldig forskjellige. Fiskeoppdrett i Noreg er ei ung næring med ekspansiv utvikling, jordbruk er ein veletablert bransje som slit med marginane. Men kan ein likevel ha ei felles forståing av kvifor stadig fleire i begge næringar har valt eller sett seg nøydd til å gje opp si bedrift?

Fiskeoppdrettar Elin Tveit Sveen på Svanøy har vore med lenge. Ho har jobba med fisk i merdar sidan det var snakk om provisorisk, heimelaga utstyr. Ho har fått med seg oppgangstid og nedgangstid, sjukdomsmareritt og prisgalopp, EU sine straffetiltak og storselskap sine oppkjøpsraid. Ho har engasjert seg i lokale fiskeoppdrettarlag og bransjeorganisasjonen Sjømat Norge (tidlegare FHL) i mange tiår. I dag sit ho i hovudstyret i organisasjonen, og ho er leiar for bransjegruppe havbruk. På spørsmål og kva faktorar ho oppfattar som avgjerande for at selskapet til hennar familie skal eksistere ti-tjue år inn i framtida, peikar ho på to faktorar; evna til samarbeid og vellukka generasjonsskifte.

Konkurranseevna til dei største selskapa kan bli krevjande i høve til dei mindre. Ikkje berre har dei store selskapa ein meir spreidd risiko, men kapitaltilgang og politisk slagkraft kan og favorisere dei når det kjem til vekst og regelverk. Men Tveit Sveen meiner der vil gå an å kompensere for det ganske lenge, i form av viljen til å samarbeide med andre. Hennar selskap Marø Havbruk har i 20 år drive samdrift med naboane E. Karstensen Fiskeoppdrett, for å kunne nytte resursane betre. Då dei innleia samarbeidet, var der enno ikkje noko klart regelverk på dette feltet.

Samarbeid og samdrift er og utbreidd i jordbruket. Gjennom å slutte seg saman kan ein styrke seg på innkjøpssida og avsetnadssida. Ein kan få avlastning på personellsida og dele investeringar på utstyrssida. Og ein kan dele gode og vanskelege tider, dele suksess og risiko. Ikkje minst det siste slit på mange matprodusentar, anten dei driv med korn, grønsaker, frukt, fisk eller husdyr. Biologien kan svikte, marknaden kan svikte, rentene kan auke, regelverk kan endre seg. Den som står åleine i motgang kan bli eit lett bytte for kreditorar og potensielle kjøparar.

Den andre faktoren som Elin Tveit Sveen nemner, er truleg den mest kompliserte; vidareføringa av eigarskap og drift til ein ny generasjon. For sjølv om fiskeoppdrett har hatt ei langt betre inntektsutvikling enn jordbruket, er det framleis snakk om primærnæring, oftast lokalisert på landsbygda. Arvingane kan ha tenkt seg andre yrkesvegar. Dessutan er det eit stort ansvar å drive eit oppdrettsselskap. Stor biologisk risiko, store verdiar i spel, og mykje administrativt arbeid. Kor sjølvsagt er det at der i kvar generasjon finst nokon som er innstilte på å ta dette ansvaret, gjerne med førre generasjon sitt blikk over skuldra?

Anten ein ser på jordbruk eller havbruk, går utviklinga mot færre og større einingar. Det treng ikkje å råke produktiviteten, i alle fall ikkje på kort sikt. Men det kan råke mangfaldet, breidda i produksjonsstrategi, teknologival og kunnskapsbygging. Og ikkje minst vil det endre miljøet i næringane. Mange snakkar med blanke auge om møta i bransjeforeininga i tidlege dagar, då engasjerte oppdrettarar slo i bordet og heldt eviglange, flammande talar som gjekk langt utover merdkanten i sine perspektiv og kjeldetilfang.

Når eigarane i næringa i hovudsak blir internasjonale fond og finansielle investorar, vil ein få ein heilt annan type miljø Det vert lengre mellom naboar, både i geografisk og sosial forstand. Dette opplever og jordbrukarane, sjølv om dei ikkje blir ein del av storkapitalen. Der blir stadig færre bønder, stadig fleire leiger ut jorda si. Er desse endringane problematiske? Det kjem vel an på kva perspektiv ein legge til grunn. Men om ikkje ein er klar over at det skjer, vert ein gjerne aldri kjend med kva ein mistar. Og matproduksjon er ein altfor viktig del av identiteten vår, til at vi berre kan la det skje utan å lyfte det fram i lyset.

Tekst: Øyvind Kråkås