Fem år og like frampå

Publisert 28. april 2022 av Havbrukspartner

Havbrukspartner har passert fem års drift. Vi tek oss tid til eit kjapt tilbakeblikk, men mest vil vi sjå framover.

Dei fem fyste åra er kritiske i ei verksemd, fordi ein skal lyfte seg frå null i omsetnad og skape seg eit namn og ei kundeliste. For oss i Havbrukspartner har det vore fem spennande, varierte og opplyftande år. Vi har bevega oss innanfor mange felt i næringa, og fått oppdrag hos både velkjende og nye kjende.

Kva har vor dei viktigaste drivarane?

Den store satsinga på land, både på større smolt og matfisk, har vore sentral for oss desse åra. Vi har jobba for etablerte aktørar i utvikling og dei som er heilt nystarta. Dette har gjeve oss mykje bakgrunnskunnskap om både teknologi og produksjonserfaring.

Endringar i næringa er sjølvsagt viktige for oss som drive med rådgjeving. Vi ser ei storstilt konsolididering som har blussa opp det siste året, og saman med nye lovverk, som trafikklysmodellen og auka skatt på konsesjonar, er denne rørsla sjølvforsterkande. Ein har tre val; kjempe imot, tilpasse seg eller selje seg ut. Saman med gode samarbeidspartnarar er vi i stand til å gje kvalifiserte råd uansett kva strategi ein måtte velje.

Vi ser og at interessa for individuelle tilpassingar har blitt større i løpet av desse åra. Enkeltaktørar eller mindre klynger ynskjer i større grad eigne fôrstrategiar, eiga merkevare på produkt eller innovativ teknologi som kan gje dei ei meir proaktiv rolle i dei endringane som skje i næringa. Der er ei unison forståing i bransjen at ein må gripe tak i biologiske utfordringar for å kunne drive godt inn i framtida.

Kvar står Havbrukspartner i denne utviklinga?

Vårt utgangspunkt er at ein bør vere med på den teknologiske utviklinga utan at det skal gå ut over det biologiske perspektivet. Fisken sine behov endrar seg ikkje, og i nokre tilfelle pressar ein grensene for kva han toler. Då må ein gjerne ta eit steg tilbake, og sjå om ei har ofra noko ein burde teke betre vare på.

Til dømes har vi vore opptekne av å halde på eit høgt marint innhald i fôret, og tilbyr våre kundar to reseptar som ivareteke dette. I seinare tid har råvareprisane utvikla seg slik at den mest høgmarine resepten, Noble, har blitt veldig aktuell. Ingen er ueinige i at marine råvarer er viktige for fisken, det er omsynet til volum og råvaretilgang som har gjort at bransjen har senka grensene for marint innhald.

Dette med kosthald kan ein jo samanlikne med oss menneske. Betre ernæring, gode vaksiner og medisinsk behandling, tryggare jobbar og transport, samt betre hygiene, har gjort at vi i gjennomsnitt lever lenger enn før. Likevel er det mange ting i kosthaldet vårt som kan gje oss livsstilsjukdomar og problem. Vi mistar litt undervegs og, alt er ikkje framsteg.

Det er slik at mykje gamal kunnskap står ved lag, sjølv om føresetnadane endrar seg. Godt fôr, skånsam eller minst mogleg handtering av fisk, god smolt og god smittehygiene er framleis viktig, sjølv om utviklinga på teknologi- og utstyrssida har teke sjumilssteg dei siste ti-tjue åra.

Er Havbrukspartner dei små selskapa sine riddarar?

Vi har sagt at vi skal vere til nytte for næringa, og vi meiner næringa har stor nytte av å ha eit mangfald av aktørar. Det styrkar innovasjon, kunnskapsutveksling og breidde både på leverandørsida og kundesida. Når eit mindre selskap blir vekke, rykker ein ut ein tråd i veven. Ei lang rekke leverandørar og kundar merkar det, og ofte blir sysselsetjinga i nærområdet råka av det.

Om ei bedrift er stor eller lita, bør ho forsøke å vere framtidsretta og innovasjonslysten. Der er ulike vegar til målet, og samarbeid kan kompensere for mangel på eige volum og tyngde. Om ein studerer til dømes daglegvarebransjen, og endringane som skjedde der for nokre tiår sidan, ser ein at enorme og nesten utenkelege strukturendringar kan skje i løpet av kort tid. Dette kan skje i vår næring og, som i alle andre næringar. Det er ikkje slik at det berre er dei minste aktørane som vert omfatta av strukturendring, mange stolte firma har blitt vekke frå kartet langs heile aksen frå minst til størst.

Havbrukspartner har lyst å jobbe med alle som driv fiskeoppdrett, eller tilhøyrande næring. Vi utfører arbeid for store konsern, finansielle aktørar, offentleg sektor og mange leverandørar til næringa. Alle ynskjer påfyll av kunnskap og nye innspel innimellom, eller å diskutere ein ny strategi. Framgang for næringa er ei felles interesse.

Kva bør aktørar i bransjen gjere framover?

Det viktigaste, enten du er ein enkeltperson eller styrer ei bedrift, er å definere kva som er viktigast for deg, og legge ein strategi ut frå det. Det å «sjå kva som skjer» kan gjere deg til ein passiv aktør, og du må berre rette deg etter det andre definerer for deg. Om ein skal seie det i ein setning, må det vere; ikkje la endringane kome på deg sovande.

Men igjen; nokre ting går ikkje ut på dato. Kostnadskontroll, god oversikt og langsiktige relasjonar er alltid godt å ha.

Tekst: Øyvind Kråkås