Er sterkare desentralisering mogleg? Og ynskjeleg?

Publisert 25. april 2021 av Havbrukspartner

Der har vore snakka mykje i mange år om korleis teknologien kan frigjere arbeidstakarar og tenester frå sentraliserande strukturar. Men det måtte ein pandemi til for å få i stand ei storskala utprøving. Kan dette vere starten på det ein ny trend? Og har det eigentleg nytteverdi for landet å lege til rette for desentralisering?

Sjølv om teknologien lenge har tillate folk å logge seg på arbeidsplassen sine plattformer frå andre stader enn kontoret, og ein kan kommunisere både med lyd og bilete på tvers av verda, so har eg oppfatta det slik at det er eit lite fåtal som har teke tak i desse moglegheitene som noko meir enn ein sjanse til å ha heimekontor innimellom, ei og anna langhelg vekke, eller rett og slett å kunne halde kontakt med basen medan ein var på jobbreise.

Få arbeidsgjevarar har lagt i rette for at tilsette i stor grad skal kunne jobbe frå andre stader enn der verksemda har sitt fysiske tilhald. Sjølv om mange faktisk har medarbeidarar som er plasserte for seg sjølv i andre land eller landsdelar, har dette oftast vorte handtert som unntak frå den god regelen om at alle bør møtast oftast råd på ein fysisk arbeidsplass.

Grunngjevingane har vore at det er slik ein skaper sterke fagmiljø, ein treng fysiske møter og ein treng det uformelle samværet mellom kollegaer. Det siste er nok eit viktig element å ta meg seg. Det er og slik at verksemder som legg til rette for at kunden kan møte opp for å få service, er lokalisering ein viktig faktor. Samstundes har ein sett i seinare år at stadig meir kundeservice og sakshandsaming skjer frå kvar som helst. Du får hjelp av globale konsern sitt kundesenter i India, eller NAV sitt kontor i ein annan landsdel.

Fortetting byr på ulemper

Kva er framtida? Slår dei store kontorbygga hardt tilbake, eller sit stadig fleire i heimen og jobbar? Eller ein heilt annan stad, der dei måtte ynskje? Truleg litt av kvart. Men det er synd om ein ikkje tek fatt i dei erfaringane ein no har frå eit år med desentralisert arbeid og lagar nokre nye modellar. Her er nokre av fordelane:

-Den store transporten av menneske til og frå jobb er ei samfunnsutfordring. Det skaper trafikkproblem, ulukker og utslepp. Om fleire kunne jobbe heimanfrå, eller kanskje kort veg frå heimen, ville dette transportbehovet kunne reduserast. Det ville og gje mange ein sunnare kvardag med mindre stress og meir tid til andre ting enn å flytte på seg. For mange som vekependlar over lange avstandar vil eit meir kortreist arbeidsliv kunne vere ei stor lette både for den enkelte og familien.

-Mangelen på bustader og eskalerande bustadprisar skaper problem for mange. Den sokalla fortettingsstrategien viser og store veikskapar. Ein regulerer for massiv bustadbygging på eit lite område, men lar seg overraske over at ikkje kapasiteten på skular og andre tilbod veks av seg sjølv i same takt. Under pandemien er slik fortetting heilt mot det fornuftige og ynskelege. For mange lever for tett, og det er både smittefarleg og utmattande, fordi ein har for lite friareal. Om det i større grad vert lagt til rette for at eit mangfald av jobbar kan utførast frå der ein helst ynskjer å bu, vil det over tid kunne endre busetnadsmønsteret. Ein ser allereie i dag at mange vel å bu i ytterkant av pendlaravstand inn til dei større byane.

-I staden for å jobbe i akademiske eller administrative bobler, kan arbeidstakarar få fleire og meir ulike inntrykk og erfaringar i kvardagen. Det er viktig å forstå at mykje av tautrekkinga mellom bygd og by, handlar ikkje om motsetnader mellom menneske, men om kampen for lokalmakt mot sentralmakt, og om forståinga for at folk i utkantane stort sett har dei same behova i kvardagen som folk som bur sentralt.  Ein treng å oppleve at dei som styrer og regulerer har forståing for livet ein sjølv lever. Ein treng ikkje å reise frå periferien til Oslo for å oppleve urban arroganse, ofte skal det berre ein bensinstasjon og eit par butikkar til for å etablere ei kjensle av at ein har kome langt vidare i evolusjonen enn dei som vart att i primærnæringane, på enden av den dårlege fylkesvegen. Stadig færre politikarar, byråkratar, journalistar og veljarar har erfaringar frå samfunn der ein i stor grad må lite på sjølvhjelp eller naboen om ei stor eller lita krise skulle oppstå. Slike samfunn har i generasjonar sendt si beste arbeidskraft til sentrale strok, men som nyare utgreiingar peikar på, tek denne kjelda til å renne turr.

Er ein dømd til å sentralisere?

Den streke sentraliseringa i busetnad vert ofte forklart som noko heilt mekanisk og ein trend som ingen kan stå i mot. Men i realiteten er der store forskjellar mellom flyttinga frå den fattige landsbygda i folkerike land, og flyttinga frå verdas rikaste landsbygd til sentrum i Norge. Felles er det at dei fleste flyttar for arbeidet, eller for utdanninga til arbeidet. Men det er ikkje problemfritt, og det er styrt av politikk og haldningar.

Er eksempla på fordelar med desentralisering viktige nok til å vurdere ei endring i måten ein innrettar arbeidsplassar på? Kanskje, men ein skal ikkje undervurdere tyngda av at der stadig blir investert enorme midlar, offentlege og private, i sentralisering. Kostbare samferdselsprosjekt, infrastruktur av mange slag, store bustadprosjekt, overkapasitet som er bygd i varehandel og service. Alt er innretta på at byar og tettstader skal vekse. Ei avgrensing av byveksten vil møte motkrefter.

Der er eit opprør som murrar i distrikts-Norge att, i kjølvatnet av fleire upopulære reformar. Mykje av det blir avskrive som klassisk endringsmotstand, og finn sitt uttrykk i like klassisk reaksjonær distriktspolitikk. Men medan politikarane snakkar, skjer endringane strukturelt og teknologisk. Til dømes forsvinn mange arbeidsplassar innafor kontor og kundeservice. Og når til dømes banken ikkje lenger har tenkt å møte kundane fysisk, treng då dei tilsette å vere på ein bestemt plass? Og kvifor skal eigentleg alle i kommuneadministrasjonen samlast kvar dag i eitt kontorbygg, når mange private selskap har tilsette som jobbar saman frå filialar over heile verda?

Ofte undervurderer ein teknologien sitt potensiale, og ser han for mykje i lys av eksisterande strukturar. Ein kjempar for å flytte eit hovudkontor, men kunne kanskje like godt snudd om på heile kontortankegangen? Arbeidslivet under pandemien har synt at mykje av kontorarbeidet i samfunnet kan gjerast desentralisert. Ein kan og med fordel unngå lange reiser for korte møter. Mange møter blir meir effektive digitalt. So merkar dei fleste som sit lenge på heimekontor at det er godt og nyttig å møte kollegaer og kundar fysisk innimellom. Men kanskje ikkje kvar dag, eller kvar veke for den del? Ei langsiktig løysing kan bli at folk ikkje sit på heimekontor, men på desentraliserte kontor saman med folk frå andre verksemder. Der kan ein ete lunsj saman og slå av ein prat, og samstundes lære noko om ting utanfor sitt eige arbeidsfelt?

Dette er heilt i brot med tanken om å setje opp enorme bygningskompleks for å «samle fagmiljø». Og etter mitt syn er det noko ein verkeleg må gå inn i og evaluere, for fleire tenester enn reint kontorarbeid. Er det til dømes slik at det å samle ti tusen tilsette på eit sjukehusområde gjere at alle avdelingar samarbeider betre enn om dei låg på ulike lokaliseringar? Eller skaper du meir ein ustyrleg organisasjon, og eit uhandterleg trafikkproblem når so mange menneske må reise til og frå den same plassen kvar dag?

Desentralisering skjer kvar dag

Allereie i dag skjer behandling og oppfylging av pasientar på tvers av Atlanteren. Mange gjennomfører tunge studie nettbasert. Digital feilsøking kan skje frå kvar som helst i verda, og komponentar blir produserte over heile kloden for å setjast saman til ein bil eller ein mobiltelefon. Fagmiljø jobbar på tvers av landegrenser og verdshava for å utvikle vaksiner. At menneske skal kunne samarbeide frå ulike geografiske plasseringar på det same fagfeltet, er ingen futuristisk tanke. Det skjer i dag. Det handlar berre om at ein må satse på det, og ville det.

Framleis har nok mange menneske ein preferanse for å møtast fysisk. Men på same måten som preferansen for papiraviser og for å betale med kontantar har endra seg, kan også dette endre seg. Men for at ein skal lukkast med storstilt desentralisering, må menneske i leiande posisjonar akseptere det som eit godt alternativ. Dei må trakke over ein del prestisjebygg og investeringar i sentral vekst for å kome dit. Men der er fullt mogleg, om ein har vilje til å investere i desentralisering.

Sjølvsagt er det ikkje slik at alle folk eigentleg vil bu på bygda. Mange vil helst bu i byar, og dei ser ikkje ulempa med å bu tett, eller i alle fall ikkje som stor nok til å flytte meir desentralisert. Folk som er etablerte i byen har ein terskel for å flytte ut. Men å lette på veksttrykket i byane vil vere hensiktsmessig. Og distrikta treng betre konkurranseevne for å tiltrekkje seg busetnad. Ikkje berre for eigen del, men for landet sitt beste. Mange av ressursane landet lener seg på ligg i distrikta, og ein treng gode bumiljø, skikkeleg infrastruktur og tryggleik for liv og helse for dei som skal gjere jobben med å gjere ressursane tilgjengelege for oss alle.

 Tekst og foto: Øyvind Kråkås