Eitt år med Havbrukspartner- korleis har det eigentleg gått?

Publisert 13. juni 2018 av Havbrukspartner

Havbrukspartner starta med tre karar på eit lite kontor i mai 2017. No er det første driftsåret bak oss, og me er nokre erfaringar rikare. Under finn du svar på nokre spørsmål som mange stiller oss. 
Havbrukspartner skal vere «til nytte for næringa». På kva måte då?
Om ein ikkje klarar å løyse reelle utfordringar for kundane, har ein ingen plass over tid. Det har vore viktig for oss å ikkje bli «prosjektmakerar» som lever på offentlege midlar frå luftige problemstillingar. Havbrukspartner har ein todelt driftsmodell; avtalar på vegne av partnarar, og konsulentoppdrag i den opne marknaden. Avtalar omfattar fôr, forsikringar, vaksiner og ein del andre produkt og tenester. Konsulentoppdraga har so langt hatt ei spennvidde frå å skrive eit brev til å gå inn og jobbe administrativt for selskap i lengre periodar.

Me ynskjer å hjelpe til der det knipe på. Det syner seg at det kan innebære so mangt; tilsetjingar av personell (med alt frå annonse via intervju til kontrakt), lokalitetsspørsmål (med alt det måtte krevje), innhenting av frisk kapital, internkontroll og anna dokumentasjonsarbeid, oppfylging av båtar under bygging, driftsplanlegging, pressemeldingar og tilsvar til sinte lesarbrev i avisene, festtalar og mange andre ting.

Der er mange om beinet i konsulentbransjen, kva er Havbrukspartner sine fortrinn?
Me har eit solid nettverk i næringa, og utfyller kvarandre på kompetanse og erfaring. Det gjere oss i stand til å løyse eit breitt spekter av oppgåver på ein effektiv måte. Det me ikkje kan utføre sjølve, leiger me inn. Me har ingen akademisk prestisje å ta omsyn til, men tilpassar oss kunden og legg ein plan ilag med han.

Det er ein skilnad mellom å drive eige selskap og å sitje med fast løn hos andre. Korleis taklar dei tre gründerane den overgangen?
Den skilnaden er høgst reell. Og det krev ei skikkeleg opptreningsøkt å skulle drive kommersiell konsulentverksemd, bygge eit tenestespekter og marknadsføre oss sjølve godt nok. Men me byrjar å finne forma no. Dei første kundane har vore gode på å vere med og gjere forretningsplanen strammare. Me er og svært takksame for den hjelpa me har hatt frå Carl-Erik Arnesen som styreleiar.

Men blir det pengar nok av det?
Å starte opp ei lita verksemd krev store offer i privatbudsjettet. Me er ikkje i nærleiken av dei lønningane me kom frå. Men det å byggje opp noko på eiga hand, og kunne jobbe med eit mangfald av oppgåver, skaper ein sterk motivasjon hos oss. For bedrifta sin del, så ser me at etter dei første 12 månadane i drift, er økonomien nesten i balanse, så det er svært hyggeleg. Men me må sjølvsagt heile tida jobbe med å skaffe nye oppdrag, der finst ingen kvileskjær.

Dei viktige fôravtalane er i ferd med å bli signerte, blir det sommar og late dagar hos Havbrukspartner no?
På ingen måte. Me har store ting gåande, samstundes som me tek på oss nye oppdrag. Om ditt selskap treng hjelp, er det berre å ta kontakt. Alt er av interesse, små og store prosjekt.

Tekst: Øyvind Kråkås, dagleg leiar