Ein Kjæmpe fyller seksti!

Publisert 27. februar 2018 av Havbrukspartner

28. februar fyller Johnny Kristoffer Kjæmpenes 60 år. Ved sidan av å vere gründer, medeigar og tilsett i Havbrukspartner, har Johnny levd eit liv som ein bauta og ein levemann.

Namnet skjemmer ingen, heiter det seg. I Johnny Kjæmpenes sitt tilfelle er det vel meir snakk om at mannen får slektsnamnet til å verke sjølvforklarande. Vår felles venn Jostein Kråkås var i militæret saman med Johnny, og fortalte at kvartermesterane trudde at Johnny heldt ap med dei då han presenterte seg som menig Kjæmpenes.

Johnny er ein kraftkar, og det er ikkje vanskeleg å sjå han føre seg som ein drivande linefiskar. Men først og fremst er Johnny ein mann med ei stor omsorg for dei han har rundt seg. Sjeldan kan ein so sterk mann ha vore meir omtenksam. Det merkar alle rundt han, frå hunden Vanja til kollegane på kontoret.

Johnny er fødd og oppvaksen i øysamfunnet Værlandet i Askvoll kommune. Hjartet hans bur der, sjølv om livet har teke han verda rundt. Han har den særprega galgenhumoren og underfundige replikken som kjenneteiknar denne delen av Sunnfjord. Johnny eig i dag barndomsheimen saman med den eine systera si, og besøkjer Værlandet jamt og trutt.

Johnny er eit omsorgsmenneske og familiemenneske, men han har og søkt seg ut på eventyr. Han har vore fiskerirettleiar i Hammerfest og lakseoppdrettar i Canada. Han søkte seg og til eit fiskeribasert bistandsprosjekt i Afrika. Han fekk ikkje jobben, men ingen er i tvil om at han ville fiksa det bra. «Johnnyen ville likt seg der nede, mellom puklane på elefanten», sa ein av naboane heimanfrå.

Han har drive kveiteoppdrett og utdanna seg til diplomøkonom ved BI i Bergen (dessverre har vi ingen bilete av han med den karakteristiske BI-hårsveisen). Men i dei siste par tiåra har Johnny først og fremst vore ei samlande kraft for lokaleigde lakseprodusentar. Først ved Norwell Group i Florø, der han gjennomlevde dei legendariske julelunsjane på Hjørnevikbua. Seinare vart det Bergen, med Salmon Group og no Havbrukspartner.

Då den tidlegare kollegaen Leif Rune Pedersen skulle plukke opp Johnny på Strandkaia for første gong, hadde han aldri sett han før. «Sjå etter den største som kjem i land», sa Kjæmpenesen. Og det kan godt stå som ei overskrift for Johnny. Han er ein av dei mest stabile og lojale menneske eg kjenner, og han er stor nok til aldri å gjere seg større enn han er.

Gratulerer so mykje med dagen din, kjære Johnny!

Bileta frå Johnny sin ungdom er henta frå Bulandet Grendalag og Værlandet Vel sitt eminente fotoarkiv http://bulandet-grendalag.org/