Det vert jul likevel

Publisert 21. desember 2022 av Havbrukspartner

Jula er tida då alt skal vere som det alltid har vore. Det byr sjølvsagt på ei rekke utfordringar, nedturar og diskusjonar. Men jul blir det uansett, enten du er klar eller ikkje.  

Det som er rigid med jula, er at det er fastsett nøyaktig når ho skal vere. Viss ikkje hadde nok mange enda opp med å feire nokre veker seinare. For det blir alltid travelt. Truleg har det litt med det å gjere at ambisjonsnivået er endelaust. I alle fall for nokre. Og om andre i familien er litt meir avslappa, er jo det i seg sjølv ganske provoserande. Det var ein kar som sa til meg at kunsten er å kome heim seinast mogleg før julekvelden, viss ikkje risikerer ein å bli slegen med ei vaskefille midt i andletet.

Varehandelen har rett nok prøvd å strekke jula ut, med å få julevarene på plass i butikkane i september/oktober. Mange interiørmedvitne har og teke til å pynte juletreet tidleg i desember. Felles for begge gruppene, er at dei er «leie av jula» når ho endeleg er der, formelt sett. Då pakkar dei vekk julestasen straks nissen har takka for seg, og hastar vidare til neste sesong. For varehandelen heiter den «nyttårssal». Det ville sjølvsagt vere trasig for butikkane om eit par månader med intensiv handel skulle medføre eit opphald i romjula. Det ville ikkje ha vore noko kjekt for kredittkort-selskapa heller. Og me bør jo unne desse og ei god jul, og eit godt nytt år.

Sjølv om alle har høyrt forfedrane si soge om tidlegare tiders meir moderate julefeiring, so er ikkje moderasjon jula sin natur. Det skal vere feit mat, store måltid, og mange måltid. Ein skulle stundom tru ein var underlagt eit budsjett som må brukast opp før nyttår. Også materielt er det overflod som er standarden. Ikkje berre bør ein kvar 18-åring få ein Porsche til jul, og 5-åringar satelitt-telefon. Huset skal og vere fylt til siste kubikkcentimeter med pynt.

Også her har interiør-ekspertisen prøvd å vri på ting. Til dømes er eit stivpynta juletre svært smaklaust, det vil vere langt meir harmonisk med ei enkel, kvitmåla grein. Raudt bør ikkje førekomme. Men desse innspela har ikkje nådd særleg langt. For i jula skal det vere som det alltid har vore, trendnissen må vike for julenissen.

Nokon har sagt, at for at verda skal vere slik ho har vore, må ting heile tida endre seg. Om me ynskjer å halde på det beste me har, må det utvikle seg i takt med tida. Og det har også jula gjort. Mykje har endra seg på vegen, både i uttrykk og innhald. Sopass ulike aktørar som Charles Dickens, som med «Ei juleforteljing» skapte ein mytologi kring den barmhjartige, rause og omfordelande jula, og Coca-Cola kompaniet, som gav oss den raude julenissen med kvitt skjegg, har bidrege til endring og nye tradisjonar.

Nokre har sikkert gløymt det, og mange har aldri visst det, men i jula 2021 hadde kyrkjene plassavgrensing som fylgje av covid-restriksjonar. Ikkje ein gong på julekvelden kunne ein oppleve fulle kyrkjer. Ei kvinne som var engasjert i kyrkjeleg aktivitet let seg intervjue i avisa, og sa at ho trøysta seg med at avgrensa plass ikkje var eit nytt problem i eit historisk perspektiv: «Det var ikkje plass til alle i stallen då Jesus vart fødd heller, men det vart jul likevel».

Sant nok. Jula vart i alle fall ikkje den same etterpå. Og med dette perspektivet i minnet, vil me seie god jul og godt nytt år til alle kjende.

 

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Engesund Visningssenter, Isqueen Lofoten Salmon Center og Skjerjehamn