Debatt i overflata, endring i djupet

Publisert 29. juni 2018 av Havbrukspartner

Kor mange millionar tonn laks kan vi produsere i 2050? Kor mykje kan staten ta betalt for å tillate veksten? Og kor mange øre kan kommunane få for kvart kilo fisk produsert? Det er dei store spørsmåla som veltar rundt i media og på konferansar. Men er det dei viktige spørsmåla om framtida til norsk havbruk?

Tenk på eit tal i tonn

Der finst interessante analyser av potensialet til norsk sjømatproduksjon, og der finst overbodsrundar mellom miljø som ynskjer å markere at dei er «ambisiøse på vegne av næringa». Desse ambisjonane handlar som regel om å få sin del av ei kake som skal heve seg betydeleg.

Ambisjonane går ofte på å «løyse dei utfordringane næringa står overfor». Det vil i hovudtrekk seie lus, røming, sjukdomar og andre problem som oppstår i ein biologisk produksjon. Nokre av problema er teknologiske, men dei fleste er variasjonar av biologiske problem som stadig oppstår i grupper av levande vesen. Kort sagt; det er naturen som er utfordringane vi står overfor, og den er ikkje so lett å løyse av. Men vi kan kjøpslå litt med han.

Det å kjøpslå med naturen er ein sakte prosess, fordi naturen slår hardt tilbake om ein blir for ivrig. På nokre punkt har næringa lukkast i å oppnå eit betre samarbeidsklima med naturen; eit stabilt og godt fôr, vaksiner mot mange av dei kjende fiskesjukdomane og avl av ein fisk som eignar seg til «husdyrhald». På andre punkt er vi meir i ein gje-og-ta prosess; problem ved avlusing, gjellesjukdomar og ei rekke andre forhold som rammar med varierande kraft.

Er talet på tonn i 2050 viktig for dei som driv i dag? Berre som ei påminning om at næringa skal eksistere og må utvikle seg i eit langt perspektiv. For i kvardagen er det ein del andre spørsmål som er langt viktigare, og som vi har mykje meir ansvar for å svare på: Kva skal vi gjere med den altfor høge dødelegheita i produksjonen? Korleis skal vi minimere handteringa av fisken? Korleis minimerer vi best utslepp av kjemisk og biologisk materiale i produksjonen? Og kva skal kvalitetsnorma vere for ein norsk laks?

Vil vi vere verdsmeister?

Det har vore påstått nokre gongar i historia at der ikkje fanst meir å oppdage, og at ein sto på sivilisasjonens høgaste punkt. Å kome med slike synspunkt, er den sikraste måten å bli humra av i framtida. Difor kan ingen heller påstå med særleg tyngde at produksjonen av laks i Norge ikkje kan vere tre- eller femdobla i 2050. Kvifor ikkje seie tidobla, for å gjere det enkelt?

Men det ein kan seie, utan å vere noko anna enn kjedeleg praktisk, er at ein må byggje stein på stein på vegen dit. Nokre gongar tek ein gjerne store steg oppover, men der vil og kunne kome brutale tilbakesteg. Ein trussel mot verdiskapinga av norsk laks, men som verkar behageleg fjern nett no, er konkurransen frå andre lakseproduserande nasjonar. I dag framstår den norske staten nærast som ein effektiv regulant av verdas lakseproduksjon. Våre kjende konkurrentar har sine problem å overkome. Chile har lært seg til å ta den tunge vegen oppover att, Færøyane, Irland og Skottland har naturlege avgrensingar på produksjonsareal. Nord-Amerika er restriktive, og har sine biologiske fallgruver.

Men så lenge laksen fossar fram som eit attraktivt produkt hos kjøpesterke kundar i heile verda, vil andre produsentar etablere seg. Dei har ikkje fordelen av ein beskyttande skjergard og frisk og passeleg temperert sjø, men dei kan sko seg på andre ting. Nærleik til store marknader, enorme mengder kapital og innovasjonsmusklar gjennom forsking og teknologiutvikling.

På sikt kan det bli eit mykje større poeng at laksen er norsk, enn det vi opplever i dag. Då må norsk laks vere forbunden med kvalitet både i produkt og produksjon. Vi må vere verdsmeister på å kjøpslå med naturen, og aldri gløyme at naturen sit med veto. Det er dei pliktene næringa må føle på, når ho krikar seg vidare, utsett for utsett, på veg mot 2050.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Laksens Dag