Brukte nøter blir heim for kamskjel

Publisert 22. mars 2020 av Havbrukspartner

Kamskjel-gründer Ragnvald Maartmann-Moe har kome fram til ein svært effektiv måte å dyrke kamskjel på; å la dei vokse i ei utrangert laksenot. Han håpar no å få med seg interessentar som kan gjere dette til ein effektiv, miljøvenleg og lønsam matproduksjon.

Mange nordmenn har fått augo opp for kamskjel, gjerne som ein forrett eller del av ulike skaldyr-rettar. Skjela som blir serverte på norske fat i dag, er stort sett villfanga eller importerte. Dyrking av kamskjel har vore jobba med i mange år,  og det føregår målretta avlsarbeid. Det ein no står framfor, er å utvikle effektiv dyrking av kommersielle volum.

Laksenot kan løfta voluma

-I tidsrommet 2003-2007 eksperimenterte eg med dyrking av kamskjel i plastnetting. Dette fungerte bra, men ved å nytte ei not kan produksjonen bli langt meir effektiv, seier Ragnvald Maartmann-Moe. Gründeren frå Sotra har erfaring med dyrking av både tare og kamskjel, og meiner det er skjel som er nærast ei kommersiell utvikling i Noreg.

-Der er ein stor etterspurnad etter kamskjel, der er langt mindre giftproblematikk slik ein har med blåskjel, der er gjort mykje bra på avl og det er ikkje so mykje kapital som skal til for å utvikle produksjonsmetodane vidare til eit nivå som er effektivt nok til å tene pengar. Med nokre få hundre tusen i investering vil vi kunne gjere viktige steg mot kommersialisering dei neste par åra.

Der er i dag gode ordningar for innsamling og resirkulering av laksenøter. Likevel vil gjenbruk av nøter til skjeldyrking gje ei ekstra verdiskaping og miljøgevinst.

-Gjenbruk er meir energieffektivt enn resirkulering. Dessutan vil ein kunne tilføre kysten meir verdiskaping og auka matproduksjon ved å nytte desse nøtene vidare lokalt. Det er strenge krav for brotstyrken til ei not for å produsere laks i ho, men ei utrangert not er rikeleg sterk nok til å dyrke kamskjel på.

Ynskjer partnarskap med andre havbrukarar

Maartmann-Moe håpar å kunne ta første steget mot dyrking allereie i vår, og leitar no etter partnarar til det som førebels er eit forskings- og utviklingsprosjekt.

-Vi treng eit par hundre tusen kroner for å kome i gang. Vi treng og ei straummåling for å klarere lokalitet. Og for å sikre årets yngel frå den lokale leverandøren Scalpro AS i Øygarden, må vi bestille no i april.

Han håpar no at der kan vere interessentar i havbruksnæringa som vil vere med i prosjektet.

-Det vil jo vere ei god sak for lakseprodusentar å kunne levere gamle nøter til vidare matproduksjon lokalt. Og so håpar eg jo at folk med sans for matproduksjon i havet synest at dette er ei spennande moglegheit. Framtidas matforsyning tilseier at vi må dyrke havet langt meir enn vi gjere i dag, og i Noreg finst kultur og kompetanse for dette i massevis.

Tekst: Øyvind Kråkås

Er du interessert i nærare informasjon om prosjektet?

Ta kontakt med:

Øyvind Kråkås, Havbrukspartner

Tlf: 902 88 064

E-post: oyvind@havbrukspartner.no

Rangvald Maartmann-Moe

Tlf: 911 09 644

E-post: post@algetun.no