Bjørn Mogenstad er vår nye konsulent på produkt og produksjonsanlegg

Publisert 1. oktober 2021 av Havbrukspartner

Det er med glede Havbrukspartner kan fortelje at vi har inngått samarbeid med Bjørn Mogenstad. Bjørn har drive som frittståande konsulent i mange år, med spesialfelt innanfor produktutvikling i matvaresektoren, samt omorganisering av produksjonsanlegg i offentleg og privat sektor.

Bjørn Mogenstad har bakgrunn som kokk og kjøkkensjef, men har brukt det meste av yrkeslivet sitt til gründerskap. Han har dedikert seg til utvikling av kvalitetsprodukt både til restaurant, storkjøken og forbruker-marknaden. Saman med ulike daglegvarekjeder og produsentar har han stått bak mange nye og smakfulle produkt som du kan finne i butikkhyllene.

-I ei tid då ein snakkar mykje om at folk bør ete meir fisk, og at Norge må få meir verdi ut av fisken vi produserer, har vi merka ein auka etterspurnad etter tenester innanfor det ein kallar «value-added products» (VAP). Vi har allereie ein del marknadsførings- og merkevarekompetanse på huset, men ser at Bjørn vil tilføre oss mykje på sjølve utviklinga av produkt, seier dagleg leiar i Havbrukspartner, Øyvind Kråkås.

Kundane kan vere kven som helst som ynskjer å utvikle eigne foredla produkt, enten det er mot sluttbrukar eller mot industrikundar, supermarknadskjeder og andre.

Ved sidan av å utvikle nye og forbetra produkt, har Bjørn og vore konsulent ved omorganiseringar av produksjonsanlegg både i privat og offentleg sektor. Han er ein senior på dette feltet, og vil bli ein svært nyttig medarbeidar for våre kundar.

Bjørn blir ein del av Havbrukspartner sitt tverrfaglege team, og vi ser fram til å tilby hans tenester og kapasitet.