Ansvar på kort varsel

Publisert 18. april 2023 av Havbrukspartner

Havbrukspartner løyser mange store og små oppdrag. Nokre av dei største har vore å gå inn og arbeide fulltid i bedrifter over ein periode.

Av og til har verksemder behov for å bemanne ei stilling raskt og midlertidig. Nokon har slutta, og ein har ikkje tid til å lyse ut og gå gjennom ein tilsetjingsprosess utan å ha ein person i stillinga i mellomtida. Kanskje har ein ikkje bestemt kva strukturen og satsinga skal vere framover. Eller ein har eit midlertidig fråvær, ein permisjon eller ei sjukmelding. Då kan det å hyre inn ein mellombels tilsett vere ei effektiv og nyttig løysing.

Den som skal gå inn i ein jobb på kort varsel, og gjerne ta eit stort ansvar, må vere god på å skaffe seg oversikt, og å prioritere oppgåver etter kva som hastar mest å ta kontroll på. I praktisk fiskeproduksjon har sjølvsagt fisken førsteprioritet. Stabil og god drift må sikrast. Dette heng tett saman med at arbeidslaget må fungere. Oppgåver må fordelast, vaktordningar må virke. Ofte må der innleigde ta mange lange vakter for å få kabalen til å gå opp.

Når Havbrukspartner tek på seg midlertidige fulltidsjobbar, er det som regel leiande stillingar. Det kan vere som dagleg leiar, driftsleiar, eller i andre rollar som inngår i ei leiargruppe. Dette kjem seg delvis av at desse er vanskelegast å bemanne med kvalifiserte folk på kort varsel. Spesielt ute i distrikta kan det vere tungt å finne folk som kan stille nærast på timen. Det har og samanheng med at våre medarbeidarar er folk med høgare utdanning og lang fartstid. Alle har leiarerfaring.

Når spørsmålet om å ta slike oppdrag dukkar opp, hastar det ofte å stille på staden. Havbrukspartner hat ei breidde i vårt team, som gjere at vi kan omfordele oppgåver, og fristille ein person raskt til hasteoppdrag. Ved sidan av struktur og handlekraft, krev denne typen jobbar at ein er nøye med handteringa av opplysingar og interne forhold i bedrifta ein kjem til. Alle våre medarbeidarar har eit eller fleire styreverv ved sidan av det daglege arbeidet, og er vane med å halde informasjon frå ulike selskap og interesser strengt fråskilt.

Har du bruk for ein leiarkapasitet som kan stille på for di bedrift snarast? Ta kontakt med dagleg leiar i Havbrukspartner, Øyvind Kråkås, for ein fortruleg og uforpliktande samtale.

Les om våre tilsette her