Adjø solidaritet

Publisert 4. februar 2020 av Havbrukspartner

Med tilkoplinga av det raude lyset, er klasseskilnadane i norsk havbruksnæring for alvor i ferd med å bli stadfesta.

Ingen er i tvil om at lakseoppdrett har gått frå å vere ei kystnæring på mange hender, til å bli ei kapitalnæring på stadig færre hender. Talet på standhaftige familiar og kystfolk som held på rettane og produserer laks ut frå ei lokal forankring, vert lågare for kvart år som går.

Sjølv om mangfaldet i næringa har vore eit uttalt mål hos dei fleste politiske parti, er der lite i den praktiske politikken som tilseier dette. Større einingar, geografisk spreidd drift og full integrering i verdikjeda er mantra som gjeld. Dette fører til at ikkje berre produksjonen, men og all omkringliggande aktivitet blir tilslutta nokre få store konsern.

Ein trengde ikkje å vere nokon spåmann for å sjå kvar næringa skulle styrast hen i tidsrommet 2010-2020, for det meste sto å lese i arealutvalet sin rapport, som kom ved starten av tiåret. Områdestyring, soneinndeling (utsett- og brakkleggingssonar) og vekst/reduksjon ut frå området sin status, er heimla i denne rapporten.

Den lokaleigde delen av næringa har vorte driven frå skanse til skanse i denne utviklinga. Ein har bite i seg nederlag etter nederlag, ofte utan å greie å samle seg om kva veg ein eigentleg vil gå. No blinkar det eit raudt lys for sjølvstendet til ein del av dei, mange i raude område har all sin produksjon innafor dette området. Dei som derimot får grønt lys, får vekse medan andre ikkje får. Dette er dobbelt lukrativt, i høve til marknadsposisjon.

I høve til pris på ny tonnasje er det meir usikkert, fordi veksten blir stadig dyrare. I auksjonsrundane vil det vere optimistane som set prisane. Dei som ikkje let seg skremme av at lakseprisen har vore jamt høg svært lenge allereie, eller av alle skjæra som er framfor oss ein plass; virus, valutasvingingar, handelshindringar og so vidare. Og sjølvsagt; dei som har djupe nok lommer.

Det er ikkje likt for alle, sjølv mellom lakseoppdrettarar. Dei som har storkapitalen å ta av, står sterkare enn dei som må ta av familieselskapet sine midlar. Når organisasjonane til næringa til tider har fått kritikk for å vere for lite samlande, har ein ikkje teke innover seg at der faktisk er eit enormt skilje mellom aktørane i dagens oppdrettsnæring.

Dei som har spreidd drifta i ulike område, som har god eigenkapital og har tilgang på nok gode lokalitetar, kan gå letta vidare dei to neste åra, før neste lyssetjing. For dei som har hamna under den raude lampa, er den nære framtida meir uviss. Eg har berre eitt råd til dykk; ta skeia i eiga hand, der er ingen andre som vil kome og løyse knipa.

Tekst: Øyvind Kråkås