Landøy Fiskeoppdrett feira 40 år

Publisert 31. mai 2022 av Havbrukspartner
Laurdag feira familiebedrifta Landøy Fiskeoppdrett på Værlandet sine 40 fyste driftsår. Om lag 100 gjester var til stades.

Landøy Fiskeoppdrett starta si verksemd i 1982, og er eit døme på ei klassisk lokal oppdrettsverksemd. På starten av 80-talet var politikken at lakseproduksjon skulle vere ei næring som ga arbeid lokalt til fiskarar, som vanlegvis måtte bruke mykje av året vekke frå familien. Brørne Ingvar og Jarl Landøy gjekk rett inn i denne målgruppa, og fekk tildelt konsesjon. Lenge bytte dei på å drive fiske og å røkte oppdrettsfisk. Kona til Ingvar, Else, tok seg av dei administrative oppgåvene, og sikra orden i rekneskapa og i kvardagen.

Pionèrtid

Lakseoppdrett var på den tida ei næring i utvikling, og prega av hardt fysisk arbeid til alle døgnets tider. Mykje handla enno om prøving og feiling, ein hadde ikkje ein spesialisert leverandørindustri å stø seg på. Grunnleggande innsatsfaktorar som smolt, kunne vere ei utfordring. Med lang produksjonstid og høg biologisk risiko, var oppdrett ein heilt anna type økonomi enn fiskeria. Men Ingvar og Jarl fann seg til rette i den nye næringa. Dei sto gjennom gode og dårlege tider, med ei  nøktern innstilling og stø hand. Ein lun og smittsam humor kom og vel med.

I mange år dreiv verksemda eige lakseslakteri på heimebane, men med veksten i næringa vart denne typen anlegg for små. I dag er dei medeigarar i Slakteriet AS, som har verksemd i Florø og Instefjorden i Gulen. Dette eigarskapet kom i stand via investeringa som dei alt hadde gjort i eksportselskapet Norwell i Florø.

Andre og tredje generasjon

I dag er det andre generasjon som driv Landøy Fiskeoppdrett, etter at både Jarl og Ingvar har gått bort. Ingvar sine søner Kjell, Roar og Helge jobbar alle i selskapet. Også tredje generasjon teke del i drifta, som i dag omfattar 3 konsesjonar med drift på 4 lokalitetar i områda rundt Værlandet. Bedrifta har 8 tilsette, og produserer mellom 2500 og 3000 tonn laks årleg.

Havbrukspartner gratulerer Landøy Fiskeoppdrett med sine fyste 40 år, og takkar for eit godt samarbeid. Me håpar å kunne vere til hjelp for verksmeda inn i nye, interessante tider.

Les og Ein bauta har gått bort- minneord til Ingvar Landøy