Innkjøp er meir enn berre å presse pris

Publisert 25. mars 2022 av Havbrukspartner

Det er lett å tenkje på innkjøp mest som ein prisdiskusjon. Men for å gjere gode og trygge innkjøp over tid, må ein legge meir i det.

Alle som har gjort ein skikkeleg torghandel, veit at du lett kan ende opp med å betale rikeleg viss du ikkje har noko anna utgangspunkt enn prisen og produktinformasjonen som seljaren byr på. Du er gjerne stolt over å ha pressa prisen ned fleire titals prosent, før du oppdagar at ein annan aktør har ein utropspris på det same produktet som ligg godt under din hardt framforhandla avtale.

For å gjere kvalifiserte innkjøp må du kjenne marknaden du skal handle i. Du må kunne skilje produkta som finst på kvalitet og yting. Det er til dømes lett å falle for ei merkevare som eigentleg leverer akkurat likt som eit «billegprodukt». Du bør til ei kvar tid halde deg oppdatert. Kjende produkt kan bli endra på, nye og betre produkt kan kome til.

Dersom ein forhandlar ei omfattande innkjøpsavtale, er sjølvsagt prislista berre ein del av avtalen. Fordeling av ansvar og rettigheiter, logistikkløysingar og fraktkostnader, reguleringsmekanismar og kvalitetsmål er andre viktige element for å sikre stabile og gode leveransar. Ved sidan av produktkunnskap og ei god metodisk tilnærming, er oppfølging av leveransar og prisendringar sentralt i å sikre gode innkjøp over tid.

Havbrukspartner forhandlar felles avtalar for viktige innsatsfaktorar i havbruk. Det gjeld mellom anna fôr, vaksiner, oksygen og prøvetaking. Vi er og involverte i innkjøp av utstyr og teknologi.

Fôret er forskjellen