Havbrukspartner takkar for godt haustmøte

Publisert 27. oktober 2017 av Havbrukspartner

Havbrukspartner takkar føredragshaldarar og gjester for haustmøtet på Skjerjehamn 26. oktober.

Skjerjehamn ligg som ei uventa perle midt i det vakre vestlandslandskapet. Og takka vere Ola Braanaas har staden fått att si ære og verdigheit. I desse rammene samla Havbrukspartner saman forskarar og fiskefolk til vårt første haustmøte.

Innehavaren sjølv fekk innleie med siden tankar om fortid, notid og framtid i laksenæringa. Han vart fylgd opp av Mons Alfred Paulsen og Henrik Lovund frå advokatfirmaet Thommessen, som ga ei innføring i regelverket rundt det nye trafikklys-systemet.

Mons Alfred Paulsen

Forskarane Jens Christian Holst og Are Nylund ga fagleg sterke innlegg om økosystembasert forvaltning og spreiing av virussjukdomar. Spørsmål og diskusjonar undervegs ga forumet ei dynamisk ramme.

Kvelden vart avslutta med ein betre middag i hotellet sin restaurant. Dei fleste av gjestane kom med båt, og fekk dermed oppleve Skjerjehamn sin sentrale posisjon frå den tida fjordane og kysten var hovudvegen.

Tekst: Øyvind Kråkås