Havbruk inn i framtida; no gjeld det å ikkje spare seg til fant

Publisert 8. september 2020 av Havbrukspartner

Med lågare lakseprisar kjem spareimpulsen ganske omgåande opp hos havbrukarane. Det er sunt å tenkje nøkternheit, men ein skal vakte seg vel for å spare i dei ledda der verdiane blir skapte.

Det er i gode tider du legg grunnlaget for ein skikkeleg konkurs, er det nokon som har sagt. I det ligg det at ein pådrar seg fordyrande vanar, vel dei dyraste løysingane fordi ein har råd, og gjere over-optimistiske investeringar. Når kontantstraumen sviktar, hopar rekningane seg opp.

Men ein kan og bruke gode tider til å betre produktiviteten. Forhåpentlegvis har investeringar som er gjort i teknologi, forsking og utvikling, og betre arbeidsforhold for dei tilsette gjort il at ein kan ta ut ein produktivitetsgevinst i åra som kjem. Det same gjeld for satsinga i betre lokalitetsstruktur som mange har vore med på.

Biologien bære bedrifta

Salsprisen på laks har alltid svinga, men den siste høgkonjunkturen har vore langvarig og tilsynelatande resistent mot det meste av kriser. Det ligg og under at utbodet av fisk på verdsbasis ikkje har auka mykje. Samstundes har dei fleste produsentane brukt stadig meir pengar på å produsere omtrent det same volumet. Dette gjere at ein laksepris på 40 kroner, som for ti år sidan var ein temmeleg god pris, ikkje lenger dekker kostandane. Det er alvorleg.

Historiske forsøk på å temje lakseprisen har ikkje fungert godt. Det viktigaste den jamne oppdrettar kan gjere for å sikre bedrifta si, er å prioritere biologiske resultat. So enkelt og so usikkert, for kva er den rette formelen for å sikre sjukdomsfri fisk som veks godt og har god kvalitet ved slakting? Den som veit det vil vere den beste i klassen heile tida.

Men nokre ting kan me legge til grunn. Ein sunn lekam bør ete godt, leve godt og med minst mogleg stress. Me veit og, ikkje minst i den tida me lever i no, at smittehygiene er viktig for å unngå smittsame sjukdomar. Det kan vere lurt å gå gjennom internkontrollen for smittehygiene for å sjå om der er enno litt meir å hente. Det kan vere dumt å satse på eit billegare fôr, og ende opp med dårlegare tilvekst, eller å lempe på med helsefôr fordi du har brukt eit simpelt standardfôr.

På same måten er det dumt å be dei tilsette ta støyten gjennom manglande lønsvekst og dårlegare ordningar. Du treng flinke og engasjerte folk for å lukkast med produksjonen. Det er dumt å fire på vedlikehaldet eller viktige investeringar i utstyr for å spare kroner i nuet, for det vil bite tilbake. (Denne typen kortsiktig budsjettstyring har gjeve oss forfalne offentlege bygningar i verdas rikaste land).

Førebygging framfor behandling

Den store skuggen over reknearket, er behandlingskostnadane. Behandling mot lus og AGD i brønnbåt har kome som ei naudsynt avløysing av andre metodar, men til ein pris som er blytung å bære når ein ikkje kan lempe han over på marginen ut til kunde. Behandlingskostnaden må ned, i form av mindre dødelegheit, mindre tapt av tilvekst, og helst i færre behandlingar.

Dette er det sjølvsagt ikkje berre å bestemme seg for. Om ein berre bestemmer seg for å ikkje behandle, er alternativet å slakte ut. På ei lågare vekt, og dermed vil produksjonen bli mindre. Økonomisk teori får bryne seg på biologi. Og svaret blir gjerne litt lotteri, for ein kan vere heldig og lukkast med behandlinga og få fisken heilberga gjennom.

Det som er klart, er at det er viktig å halde oppe investeringane og forskinga retta mot å minske problema med sjukdom og parasittar på oppdrettslaksen. Meir effektiv førebygging må til for å unngå behandlingar. Berre med å få ein betre kontroll på dette, kan ein sjå ein produksjonskostnad som går nedover att.

Les og;

Havbruk inn i framtida; kvar går vegen?

-Tilpasssa fôr blir stadig meir vanleg

 

Tekst og foto: Øyvind Kråkås