Havbrukspartner – folk som kjenner næringa

Havbruksnæringa er kysten si viktigaste vekstnæring, og ei næring i sterk teknologisk utvikling. Dette stiller stadig nye krav til aktørane i bransjen. Havbrukspartner er tilgjengelege for å hjelpe aktørar i bransjen i store og små saker der det er trong for ekstra hjelp eller ekstern kompetanse.

Vi disponerer kunnskap og erfaringar frå dei fleste ledd av produksjonen av laks, men spesialiserer oss på fylgjande tenester:

  • Forhandlingar og innkjøp (fôr, forsikring, vaksiner etc.)
  • Søknader (konsesjonar, lokaliteter, samlokalisering, samdrift, offentlege midlar etc.)
  • Hjelp med administrativt arbeid/prosjektleiing
  • Rådjeving rundt RAS-teknologi/landbasert oppdrett
  • Rekruttering, i samarbeid med Fjellbekk AS
  • Kvalitetssikring/reklamasjonar (fisk og fôr)
  • Internkontroll og kvalitetsarbeid
  • Kommunikasjon/mediehandtering
  • Dokumentasjon og krav til fagkompetanse på arbeidsbåtar
  • Rådgjeving ved FoU-prosjekt
  • Fagsamlingar og kurs