Fire karar frå fire øyar på eitt lag

Havbrukspartner vart stifta i 2017 av dei tre kameratane Arild Hagenes, Johnny Kjæmpenes og Øyvind Kråkås. Selskapet har som formål å vere ein støttespelar på ei rekke felt for selskap i havbruksnæringa.

Vil du og vere med på laget? Ta kontakt med Havbrukspartner for å høyre meir om kva me kan tilby!

Telefon: 902 88 064
E-post: oyvind@havbrukspartner.no
Kontoradresse: Thormøhlens Gate 55, Databygget, 8. etasje
Postadresse: Grimstadvegen 115, 5252 Søreidgrend

øyvind

Øyvind Kråkås

Øyvind Kråkås kjem frå Solund, og er Havbrukspartner sin kommunikasjonsmann. Han har Mastergrad i Medievitskap frå Universitetet i Bergen, der han skreiv masteroppgåve om oppdrettslaks i norske media. Han har jobba i sju år for nettverket Salmon Group, der han sto for kommunikasjon internt og eksternt, samt politisk arbeid på vegne av dei lokaleigde havbrukarane. I tillegg til kommunikasjonsarbeidet er Øyvind administrativ leiar for Havbrukspartner.

Telefon: 902 88 064
E-post: oyvind@havbrukspartner.no

arild

Roger Marøy

Roger Marøy er kundeansvarleg hos Havbrukspartner. Roger er 40 år, er busett i Bergen og oppvaksen på Radøy. Han har jobba som fiskeoppdrettar på Radøy og som driftsleiar i Mainstream Finnmark, som innkjøpar for eksportselskapet Seaborn og regional salgssjef for resirkuleringsanlegg hos det danske selskapet Gråkjær.

Telefon: 952 43 677
E-post: roger@havbrukspartner.no

arild

Arild Hagenes

Arild Hagenes kjem frå Osterøy, og er utdanna høgskulekandidat i akvakultur. Han har jobba i næringa sidan 1982, og i mellomtida har han vore på merdkanten, jobba på setjefiskanlegg, stamfiskanlegg og i fôrindustrien. Arild har kompetanse på fisk, fôr og forhandlingar, men fremst av alt er han ein mann av det mest omgjengelege slaget, som alltid kan sjå det moglege i det tilnærma fastlåste. Dette gjere han til ein stor ressurs for Havbrukspartner og våre kundar.

Telefon: 917 22 467
E-post: arild@havbrukspartner.no

johnny

Johnny Kjæmpenes

Johnny Kjæmpenes kjem frå Værlandet, og har levd heile sitt liv ved og av sjøen. Han har vore linefiskar, kveiteoppdrettar, lakseoppdrettar og fiskerirettleiar. Frå nettverka Norwell Group og Salmon Group har han ei lang fartstid som forhandlar av betydelege kontraktar, på same tid som han har ytt service i store og små saker for næringa. Johnny er utdanna diplomøkonom frå BI, og har fagbrev i akvakultur. Han er analytisk, metodisk og humoristisk. Med all sin kunnskap og personlege eigenskapar er han Havbrukspartner sin gullreserve.

Telefon: 404 02 004
E-post: johnny@havbrukspartner.no