Utvikling for alle?

Publisert 6. februar 2018 av Havbrukspartner

Til sommaren er det tre år sidan me første gong høyrde om ordninga med utviklingsløyve. At ordninga har vore ein suksess målt i interesse, kan ingen kome frå. Søknadane strøymde inn like til den foreløpige fristen i november 2017. Men kva kan ein seie om effekten av dei tildelingane som har kome?

For å evaluere ordninga må ein gå attende til intensjonane som vart kommuniserte ved kunngjeringa om ordninga. Då Nærings- og Fiskeridepartementet i juni 2015 sende ut den første meldinga om dei nye utviklingsløyva, var fylgjande punkt premissgjevande:

• Utviklingsløyve skal bidra til auka omstilling og innovasjon i næringa.
• Teknologien skal gjerast kjent slik at den over tid kan kome heile næringa til gode.
• Løyvet blir tildelt for inntil 15 år med høve til å kunne konvertere til kommersielt løyve etter ei viss tid, mot eit vederlag.

– Det er et stort behov for å utvikle nye måtar å drive havbruk på for å løyse dei miljø- og arealutfordringane som er i næringa. Dette kan innebere store investeringar og prosjekt med utviklingsfasar som dagens ordning med forskingsløyve ikkje er tilpassa, sa dåverande fiskeriminister, Elisabeth Aspaker. Og initiativet var etterlengta, ei rekke prosjekt sto fast i startgropa, fordi ingen ville ta av sine konvensjonelle løyve for å prøve ut noko usikkert.

Det vi no kan seie, er at det er nokså få aktørar som har fått tildeling. Og dei som har fått er i hovudsak store, etablerte aktørar i fiskeoppdrett. Dette har mellom anna samanheng med kapitalbehovet som vart knytt til ordninga, der skulle ligge «betydelege investeringar» til grunn. Med andre ord vart det eit viktig vilkår at løysingane skulle vere kostbare.

Lukka anlegg eller ope hav?

Oppslutnaden om løysingar for meir ubeskytta lokalitetar, oftast omtala som «offshore», er og interessant. Dette er eit brot med trenden frå tildelinga av dei grøne C-konsesjonane, då lukka anlegg var det einaste gangbare. At der fanst alternativ er forfriskande, at det er so få alternativ er meir skuffande. Utviklingsløyva har ikkje stimulert til ei breidde i utprøvinga av nye løysingar. Dette kan igjen kvile på kravet om høg økonomisk terskel.

Ein annan faktor som er med og svekkjer innovasjonsmåla i ordninga, er at ein er snevre på at det er sjølve merdanlegget som skal vere gjenstand for utvikling. Løysingar som har adressert korleis vi handterer fisken i ulike fasar av drifta, har falle rett igjennom. Dette er synd, og eigentleg ei heilt unaturleg avgrensing.

At løysingane som vert satsa på skal kome heile næringa til gode er eit godt og naudsynt element. So langt har det ikkje kome nokon revolusjon for måten vi driv med fiskeoppdrett på, og det var vel heller ikkje å vente, sidan dei første løysingane so vidt er tekne i bruk. Desto meir oppsiktsvekkande er det at ein allereie no snakkar om å konvertere utviklingsløyve til konvensjonelle løyve. Det gir ved til bålet for dei som vil hevde at ordninga er ei forfordeling av vekst for nokre få.

Styresmaktene har no sett ein fot i bakken, og kan finslipe ordninga for betre å nå dei overordna måla. Eg vil tilrå at dei då tek med seg fylgjande punkt i si evaluering:

• Ein bør satse breiare innanfor løysingar og tilnærmingar, å gje mange løyve til nokre få konsept med nokså like tilnærmingar gir ikkje optimal omstilling og innovasjon.
• Å satse einsidig på dyre løysingar er eit merkeleg krav, det er rimelege og effektive løysingar som er det optimale målet for innovasjon og omstilling.
• Om konvertering til konvensjonelle løyve blir å oppfatte som det opplagte målet for dei som får tildelt utviklingsløyve, mistar heile ordninga legitimitet. Søkar må ha tru på og satse på den omsøkte løysinga, elles er det vel lite truleg at ho kan kome heile næringa til gode…?

Tekst og foto: Øyvind Kråkås