-Tilpassa fôr blir stadig meir vanleg

Publisert 19. mai 2020 av Havbrukspartner

I produksjonen av oppdrettsfisk er fôret ein heilt avgjerande faktor, for fisken si helse og vekst. Havbrukspartner er ein av mange aktørar som vel å halde seg med tilpassa fôrreseptar på sida av fôrprodusentane sine standardprodukt.

Johnny Kjæmpenes har jobba sidan midten av nittitalet med å forvalte fôrreseptar på vegne av ulike nettverk. Han er ikkje i tvil om at det har ein verdi å få produsert sitt eige, tilpassa fôr.

-Det handlar fyst og fremst om å halde på kunnskap og kontroll. Det er litt med fisken sitt fôr som med resten av matvaremarknaden, vi veit snart ikkje kvar råvarene kjem frå eller korleis dei er samansette. Ved å ha ein eigen resept kan ein ta desse vala sjølv. Ingen råvarer blir vekta ned eller bytte ut, utan at ein har teke stilling til det som kunde.

Fisken sin diett er meir maksimert enn for dei fleste menneske. Han skal helst ha nytte av kvart gram han et, og då må råvarene balanserast delikat.

-Det er generelt tre forhold me legg vekt på når me finpussar ein fôrresept; fiskehelse, kvalitet og tilvekst, vekta opp mot kvarandre. Du vil ha ein fisk som har eit best mogleg liv med lite sjukdom, som veks fort, men og må vere av best mogleg kvalitet når han kjem ut til kunden. Det krev gode kunnskapar og dedikasjon å perfeksjonere dette. Det er litt som å køyre racerbil; trykker du for hardt på gassen på feil plass, mislukkast du.

Samarbeider godt med fôrselskapa

Fôrselskapa brukar store ressursar på forsking og utvikling, og det er viktig for Johnny å poengtere at det å ha sin eigen resept ikkje er ein mistillit til dette arbeidet, eller den kunnskapen fôrselskapa sit med.

-Det handlar ikkje om å vite betre, det handlar om å ha brukarkompetanse, og å kunne ta dei rette vala ut frå det som er viktig for ein sjølv. For å vite kva ein skal kjøpe bør ein ha ein god kunnskap om råvarer og om samansetning. Fôrprodusentane leverer godt fôr, men dei må ta omsyn til marknaden, både med omsyn til priskonkurranse og tilgjengelegheit på nok råvarer i sine standardprodukt. Gjennom å ha eigne produkt kan du velje sjølv når du vil la pris påverke resepten, til dømes.

Mange mindre produsentar har i dag individuelt tilpassa reseptar, gjerne på bakgrunn av kundekrav og bygging av eiga merkevare. Dette skjer i samspel med etablerte fôrleverandørar. Storselskapet MOWI valde derimot å starte med eigen fôrproduksjon, på eigne, nybygde fabrikkar. Erfarne bransjefolk har blitt henta inn for å gjere jobben. Kjæmpenes trur ikkje at mange andre kjem til å gå like offensivt til verks.

-Ein skal ha eit ganske betydeleg fôrforbruk, og ditto investeringsevne, for å lage sin heilt eigen infrastruktur kring fôret. For dei fleste er det meir nærliggande å gjere slik me gjere i Havbrukspartner; la dei eksisterande produsentane lage fôret på kontrakt. På den måten har ein og god tilgang på leverandørane sine spesialprodukt, og ein får innsikt i kunnskap som dei ervervar gjennom si forsking. Me dyrkar eit godt forhold til fôrprodusentane, og meiner det er ein relasjon med to vinnarar. Me har god kontroll på kvalitet og økonomi, leverandørane får stabile og nøgde kundar som kjem med konstruktive tilbakemeldingar. Det er utviklande for begge partar.

Havbrukspartner har i dag to eigne fôrreseptar, Performance og Noble. Ta kontakt med Johnny Kjæmpenes eller Arild Hagenes for meir informasjon

Les og

Havbrukspartner fyller 3 år

17. mai 2020, tale for dagen