Roger Marøy blir kundeansvarleg i Havbrukspartner

Publisert 21. mars 2019 av Havbrukspartner

Det er med stoltheit og entusiasme at Havbrukspartner meddeler at Roger Marøy blir vår nye kundeansvarlege.

-Roger er ein flott fyr, fagleg sterk og har eit stort nettverk i næringa. Han har gjennom sine forskjellige roller opparbeida seg ein brei erfaring innen havbruk og fleire tilknytta områder . Han tilfører oss framdrift og positivitet, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i Havbrukspartner.

Roger Marøy er 40 år, er busett i Bergen og oppvaksen på Radøy. Han har jobba som fiskeoppdrettar  på Radøy og som driftsleiar i Mainstream Finnmark, som innkjøpar for eksportselskapet Seaborn og regional salgssjef for resirkuleringsanlegg hos det danske selskapet Gråkjær.

-Gjennom dei åra eg har kjent gutane i havbrukspartner har eg alltid satt pris på deira sprudlande humør og kunnskap om oppdrettsnæringa, seier Roger. At eg no skal få mogligheit til å ta del i det spanande som skjer i og rundt Havbrukspartner er noko eg ser fram til.

Roger Marøy tek til i stillinga som kundeansvarleg 1. april.