Performance-fôret gjev resultat

Publisert 10. april 2019 av Havbrukspartner

Etter to år i marknaden byrjar Havbrukspartner å sjå resultat av vårt eige vekstfôr; Performance. Landøy Fiskeoppdrett har nytta fôret som grunnlag i sin produksjon sidan sommaren 2017, og ser no rekordresultat på tilvekst.

Fisken vart levert 20.4.2018 i 3 parti;

1 : fisk à 350 gram 2 : fisk à 250 gram, 3 : fisk à 200 gram.

1.2.19 var parti 1: 3,9 kg, parti 2 og 3: 3,4 kg. Vert levert no på 4,8 kg.

Tidlegare vårutsett(april-mai) på fisk à 200 gram har vore 1,8 kg 1.feb året etter.

Temperaturane i sjøen ved Værlandet er ganske lik år etter år.

Dette er fisk levert av Gjølanger settefisk, med rogn frå Aqua Gen QTL-innova GAIN.
Vaksinert med Micro-6 og Micro PD1,Pharmaq.

Ynskjer du å prøve ut Performance?  Ta kontakt med Havbrukspartner for ein prat.