Påskehelsing: Etter istida

Publisert 5. april 2020 av Havbrukspartner

Landet vårt er underlagt dei mest omfattande inngrepa i dagleglivet sidan andre verdskrigen. Det blir gjerne omtala som korona-krisa. Men kvar og ein har sine kriser, like og samstundes svært ulike. Uvissa tærer på alle, men det vi veit er at det meste vil bli lettare om ei stund. I mellomtida er det godt å tenkje på kva ein sjølv kan gjere for å vere til gode for medmenneske og landet.

Stundom kan ein få inntrykk av at det er tiltaka som er sjølve krisa. Dei håplause heimekontora, barn som går på veggane, menneska vi ikkje får møte og verdiskapinga som ligg brakk. Men ein får ikkje gløyme at dette er inngrep som skal berge menneske sitt liv, gjennom å halde smittespreiinga nede, slik at vi har nok behandlingskapasitet til alle som blir verkeleg sjuke. Til færre som opplever sjukdomen nær seg, til vanskelegare kan det vere å halde oppe motivasjonen for å fylgje råda og pålegga frå styresmaktene. Det gjeld å tenkje på det store biletet.

Å berge liv er den viktigaste oppgåva ein kan ha, som samfunn og som enkeltmenneske. Nokre opplever heilt konkret å berge andre menneske frå å døy. Men i denne tida kan vil alle vere med og gjere ein forskjell, gjennom å vere lojale og setje oss inn i kvifor tiltaka er som dei er. Samstundes må mange halde arbeidet sitt gåande for at samfunnet skal fungere på eit stabilt nivå. Desse fortener ros og merksemd. Men dei fortener og at vi går inn og ser på den statusen dei får til vanleg, og kva kompensasjon dei får for den risikoen og ekstra innsatsen dei tek på seg no.

I helsevesenet vert fritid inndregen, roller stokka om på og arbeidspresset aukar dramatisk. Der ligg ingen bonusar eller ekstra godtgjersle og held motet oppe hos desse arbeidstakarane. Dette er frontlina mot sjukdomen. Desse skal ha ansvaret der me andre kjem til kort. Dei skal vere hos våre næraste når me ikkje får være der sjølve. Då bør me unne dei meir av fellesskapet sine midlar enn me yter no. Dei kjem til å leve i unntakstilstand lenge, etter at mange av oss har fått vende tilbake til eit nokså normalt arbeidsliv. Dette er ein bransje det er trygt å satse på som samfunn, for me kjem til å trenge dei for all framtid.

Mange andre arbeidstakarar veit ikkje no om dei har arbeid når det verste er over. Andre veit at den jobben dei hadde vil vere borte. Desse treng handlekraftige styresmakter, men dei treng og kloke næringslivsfolk. Nordmenn støttar no opp om dei lidande næringane so godt som dei kan. Det bør næringslivet og gjere. Kan ein setje i gong arbeid no som kan halde hjula i gang, er det viktig. Mykje må vente, men noko kan framskundast. Me kan og bør bu oss på den kvardagen som sakte vil kome attende.

Laksenæringa er langt frå å vere blant dei mest skadelidande. Produsentane har hatt gode tider lenge no, dei fleste har pengar på kistebotnen. Enno går vareflyten inn mot produksjonen nokon lunde godt. Ut mot marknaden er der meir som knirkar. Flyfrakta er kraftig redusert, men trailerar kjem seg framleis ut til dei kundane som er i gong. Hotell og restaurantar over heile verda har stengt ned. Mange i dette leddet vil lide kraftig.

Ulikt mange andre kriser er ikkje lågare etterspurnad etter varer og tenester ein uheldig biverknad denne gongen, men faktisk ein del av verkemiddela. Ein ynsker at folk skal halde seg mest mogleg i ro og treffe færrast råd. Det gjere at ein må vere varsam med initiativ som skal hjelpe på omsetnaden. Men svært mange bedrifter og enkeltmenneske er svært kreative og dyktige til å finne måtar å vere nyttige og tilgjengelege. Mykje godt vil kome ut av dette i form av måtar me løyser utfordringar på.

For nokre dagar sidan såg eg eit foto frå Italia i ei avis. Attmed ei korg med mat hang der eit skilt; «Den som kan gir, den som ikkje kan tar», sto der (på italiensk, sjølvsagt). Denne regelen kan me ta med oss inn i vår eigen innsats. Det er på sin plass å ta i mot hjelp og stønad for alle som treng det. Men dei som kan hjelpe og gje, har ei plikt no, og i dei krevjande tidene som kjem.

Havbrukspartner er ei lita verksemd, men eg leiar eit lag der me har fem svært kompetente og hardtarbeidande personar som gjere sitt beste for å finne oppgåver og gjere seg nyttige oppi ein omsnudd kvardag. Me meiner me skal klare oss ganske godt som arbeidsgjevar gjennom krisa. Me skal klare å ta vare på våre kollegaer. Og me skal klare å yte for medmenneske, for næringa og for landet i tillegg. Det kjennest meiningsfullt og motiverande.

Me vil ynskje dykk ei god og fredeleg påske. Det vert annleis i år, mykje vert vanskeleg. Men me har kvarandre, i eitt av verdas mest likestilte og trygge samfunn. Det vert vår i Noreg i år også. Når isen trekk seg attende frå landet, skal me møtast att og snakke om alt det me har fått tenkje på kvar for oss. Det vert fint. Inntil då, ta vare på deg sjølv og dine. Slå på tråden om du treng å pratast.

Øyvind Kråkås

Dagleg leiar, Havbrukspartner AS